NRK Meny
Normal

Hemmelege før Disney-besøk

Ingenting får lekke ut før gjestane kjem. Overraskande magi frå animasjonsfilmen «Frost» skal imponere 130 amerikanarar når dei kjem på besøk i morgon.

Løyndomsfulle scener kan skje

Løyndomsfulle og spennande førebuingar før morgondagens visitt, blir gjort både inne og ute på området til Sunnmøre Museum.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er Disney-feber i turistnæringa på Sunnmøre. Aldri har det vore så mykje hemmeleg rundt eit turistbesøk i sunnmørsbyen.

Det er Sunnmøre Museum som slår til med løyndomsfulle førebuingar før cruiseskipet Disney Magic kjem på besøk til Ålesund i morgon. Det er første gong båten besøker Sunnmøre, og det blir satsa stort på å gjere inntrykk på turistane.

Sunnmøre Museum med hemmeleg opplegg

Dei gamle bygningane frå ulike stader på Sunnmøre, blir truleg fint bakteppe for Frost-magien som skal visast i morgon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Gøymt unna

Det vi har klart å avsløre, er at over 50 lokale frivillige skal vere med på framsyninga med scener frå den dataanimerte 3D-filmen «Frost», som Walt Disney Pictures lanserte i 2013.

Nei, de får ikkje sjå, for då er det ingen hemmelegheit lenger, ler Siw Solvang, ei av mange som førebur morgondagen ved Sunnmøre Musem.

Siw Solvang

Siw Solvang ved Sunnmøre Museum smiler løyndomsfullt og nektar å røpe kva som skal skje på museumsområdet i morgon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

For å halde på løyndomen, er alt utstyr som skal brukast, gøymt godt unna.

Disney skal filme

Medan museet har førebudd besøket i eit halvtår, har turistnæringa arbeidd i over fem år for å få Disney til å kome med eitt av skipa sine til Ålesund.

– Vi er førebudde på det meste. I kveld kjem eit filmteam frå Disney som skal filme arrangementet i morgon. Opptaka vil dei bruke sjølve, og vi får også bruke det vidare i vår reklame, seier Bente Saxon i Destinasjon Sunnmøre og Ålesund.

Sunnmøre museum blir stengt for vanleg publikum i morgon ettermiddag når dei 130 amerikanarane skal få med seg litt av magien frå Frost-filmen. I tillegg til underhaldninga på museet, får passasjerane tilbod om eit udrag av Giskespelet på amfiet på Giske.

disney - bente saxon

Bente Saxon i Destinasjon Sunnmøre og Ålesund seier turistnæringa har arbeidd i fem år for å få eitt av Disney- skipa til Sunnmøre.

Ingen andre enn dei som er med på cruiseskipet får så mykje som ein gløtt av magien.

Men vi kan jo tippe at her ligg det an til sommarbryllaup med prinsessene Anna og Elsa på gjestelista. Og kven veit om ikkje gjestane også får smake på sunnmørsk tradisjonsmat? Ei svele eller snikalefse skulle vel passe bra, også til Disney- magi?