Hopp til innhold

Helvetesdebatt etter Eidsvågkonsert

Prosten i Ålesund hevdar Bjørn Eidsvåg driv vranglære om helvete - i kyrkja.

Svend Klemmetsby
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Sist laurdag heldt Eidsvåg konsert i Ålesund kirke og teologien han forfekta der held ikkje vatn, meiner prost Svend Klemmetsby.

Avviste helvete

Svend Klemmetsby er mest opprørt over at Eidsvåg - som prest og artist- avviste at helvete fins.

- Han sa at han ikkje trur det fins fortapelse og at det som fins av liding, det fins i denne verda og utover det så er det ikkje fortaping - eller helvete som han snakka om, seier prosten i Nordre Sunnmøre prosti.

Bibelen utgangspunkt

Det er tekstar i Bibelen som er utgangspunkt for prosten sine reaksjonar.

- Eg reagerte på at Bjørn Eidsvåg snakka veldig negativt om heilt sentrale delar av kyrkja si tru. Og det gjorde han som prest og som artist, seier Klemmetsby.

Han meiner det Eidsvåg sa rokkar ved noko av det viktigaste med kristendommen.

- Det er sentralt i kyrkja si tru at vi har ein frelsar som har gitt oss eit håp om å unngå fortaping. Og når Eidsvåg seier det han gjer, så vil jo det seie at vi ikkje treng nokon frelsar, og då er vi komne langt inn i kyrkja si sentrale tru, seier prosten.

Turnerer

Bjørn Eidsvåg
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Bjørn Eidsvåg turnerer for tida i kyrkjer over heile landet.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå den populære artisten i dag, utan å lukkast.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no