Dødsfalla, eitt ved fødeavdelinga i Molde og eitt i Kristiansund, skjedde i vinter.
Babyane døydde etter komplikasjonar ved fødsel.
Direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.
Foto: Terje Reite / NRK– Dette ser vi svært alvorleg på. Det er alvorlege hendingar med fatale utfall som pregar oss. Vi er frykteleg lei oss for at to familiar opplever å miste eit barn, seier direktøren i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke til NRK.
Brot på arbeidstidsreglane
Helse Møre og Romsdal har gått igjennom hendingane internt, og funne ei rekkje brot på arbeidstidsreglane i Arbeidsmiljølova. Dei to avdelingane manglar i dag til saman sju gynekologar, noko som fører til stort arbeidspress.
I rapporten skriv helseføretaket at dei er uroa for situasjonen, og ei ekspertgruppe har no foreslått mange tiltak for å betre tryggleiken. Nokre av tiltaka er også innført.
«Driften ved fødeavdelingene i Molde og Kristiansund har i en lang periode vært sårbar. Seksjonene har vekslende høyt sykefravær, svak rekruttering og høyt forbruk av vikarinnleie og bruk av overtid på jordmødre. For legene er det et betydelig antall brudd på vernebestemmelser.»
Sjukehusdirektør Bakke seier dei ønsker å vere ærlege om kor krevande det er å få tak i nok fagfolk.
– Det er nasjonal mangel på gynekologar. Vi går no ut i heile Norden for å prøve å rekruttere. Men det er krevande, seier han.
Høgt konfliktnivå
Sjukehuset i Kristiansund.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKDet har vore høgt konfliktnivå rundt dei to fødeavdelingane i lang tid. Eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal skal stå klart om fire år, og helseforetaket ville slå saman fagmiljøa til ei felles fødeavdeling fram til det.
Men Stortinget vedtok at begge fødeavdelingane skal oppretthaldast fram til det nye sjukehuset er ferdig.
Ordførarane i Molde og Kristiansund er orienterte om barnedødsfalla og seier til NRK at dei er sterkt prega av hendingane.
– Vi har vore bekymra ei god stund, men når vi no får konstatert at det er to dødsfall det er snakk om, då forventar eg at Helse Møre og Romsdal tek dei nødvendige grepa, seier Molde-ordførar Torgeir Dahl (H).
– Det er svært trist og svært beklageleg. No forventar eg at det blir gjort alt for å finne ut kva som har skjedd, slik at det blir sett inn tiltak for å unngå at slike ting skjer i framtida, seier ordførar Kjell Neergaard (Ap) i Kristiansund.
Orienterte styret
Onsdag blei styret i Helse Møre og Romsdal orienterte om at dødsfalla til dei to nyfødde borna kan ha samanheng med arbeidsbelastninga ved fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.
– Det har vore for mange utrykkingar av personell som har vore på passive vakter og det har vore brot på vernereglane. Dette tek vi på høgste alvor og må ta grep, sa Bakke til styret.
Dette inneber at fødeavdelingane i Molde og Kristiansund kjem til å ha skiftevis ope to veker om gongen, frå 5. oktober 2020 til 31.januar 2021.
– På denne måten oppnår vi at legane går aktive vakter, og dei har fri både i forkant og etterkant av vaktene. Vi må ha ei meir robust bemanning.
Verken tilllitsvald Tor-Rune Aarø ved sjukehuset i Molde eller tillitsvald Renate Kleive i Kristiansund ønskjer å kommentere saka så lenge ho er under gransking av Helsetilsynet.
NRK Møre og Romsdal er kjent med at fødeavdelinga i Ålesund rutinemessig også har meldt eit dødsfall til Statens Helsetilsyn i same periode. Helseføretaket opplyser at saka no er til behandling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Avdelinga si eiga granskning viser at årsaka er ein kjent, men sjeldan tilstand som dei kan utelukke er knytt til arbeidsbelastning ved avdelinga.