NRK Meny

Helsesjekk etter tørrkoking

Brannkorps og politi rykka ut til ein bustad på Hessa etter at naboar blei vekte av ein brannalarm like før halv åtte i dag. Brannvesenet måtte knuse ei glasrute i inngangsdøra for å kome seg inn, og inne fann brannvesenet ein person som etterpå blei tatt hand om av helsepersonell på grunn av røyk. Det heile skal ha skjedd på grunn av tørrkoking av mat, opplyser politiet.