Hopp til innhold

Helsesista: – Å smile med auga kan redde liv

Denne veka begynner born over heile landet på skulen, men mange er redde for å stå åleine. Heile Noregs «Helsesista» oppfordrar foreldre til å snakke med ungane om det som tel mest, å vere god mot andre.

Helsesista

Tale Maria Krohn Engvik driv Snapchat-kontoen Helsesista for å kome i kontakt med ungdom. No kjem ho med råd til foreldre til skulestart.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Helsesjukepleiar Tale Maria Krohn Engvik, kjent for å drive Snapchat-kontoen «Helsesista», har sjølv born som begynner i første og fjerde klasse. Ho snakkar mykje med dei om kva ho forventar når dei møter andre elevar.

– Vi har øvd oss heile sumaren på det å møte nye born, om det å gå bort og seie «hei, skal vi leike saman?», seier Krohn Engvik.

Mange born og unge som tek kontakt med helsesjukepleiaren, fortel om at dei gruar seg til skulestart. Det dei fryktar mest er at dei ikkje skal ha nokon å vere saman med.

Første skuledag

Mange born gruar seg til skulestart. Helsesista ber foreldre prate med borna om å bry seg om andre.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

Smil med auga

Det er viktigare for Krohn Engvik korleis borna er mot andre enn prestasjonar og resultat.

Ho snakkar sjeldan med borna om mobbing, men set fokus på det å glede andre, å vere ein god ven. Vel ein å smile med auga, oppriktige og varme smil, gjer det ein stor skilnad, meiner ho.

– Å smile til folk med auga kan faktisk redde liv. Ein treng ikkje å vere bestevenn med alle, men du skal vere hyggjeleg og god mot alle.

Tale Maria Krohn Engvik

Ber vaksne skjerpe seg: – Eg og mange vaksne jobbar veldig hardt for å få born og unge til å vere den beste versjonen av seg sjølv. Dessverre er utruleg mange vaksne dårlege førebilete og saboterer den jobben vi gjer, seier Krohn Engvik.

Foto: Privat

Usikre på eigen kropp

Mange som kontaktar «Helsesista» før skulestart er også bekymra for korleis dei andre elevane tenkjer om kroppen deira og korleis dei går kledde. Det er spesielt gym og svømming som gjev dei skrekken.

– Snakk med borna om kroppen. Det viktigaste ikkje kva andre tenkjer om kroppen, men at han fungerer godt.

Krohn Engvik pleier å seie til dei unge at vi menneske først og fremst er oppteken av oss sjølv. Det har dei ofte ikkje tenkt på.

– Livet blir mykje kulare viss ein prøver å ikkje bry seg så mykje om utsjånaden og heller tenkje «viss nokon har problem med korleis eg ser ut så er det problemet deira.»

Klær på Fretex' tøymottak på Alnabru i Oslo

Fleire er bekymra for at dei ikkje har råd til dyre klede. Krohn Engvik foreslår å kjøpe gjenbruksklede. – Unge i dag er oppteken av klima og miljø, og brukte klede har fått større status. Då kan ein argumentere med at ein er miljømedviten.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Ikkje alle vil tilbake på skulen

Kva seier ein til eit barn som kanskje grèt etter første skuledag, og ikkje vil tilbake?

– Ein må snakke til dei og prøve å forstå kva det eigentleg handlar om, som ikkje alltid er det vi trur.

– Også skal vi hugse at livet handlar om å heile tida møte nye utfordringar. Vi må snakke saman, og spørje seg sjølv «kva kan eg gjere annleis?»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL