Hopp til innhold

Helseministeren må gripe inn

- Helseminister Sylvia Brustad må overprøve Helse Midt-Noreg, slik at sjukehusa i fylket får pengane dei har krav på. Det seier Svein Gjelseth (Ap).

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap).
Foto: NRK

Han reagerer sterkt på at styret har sett 280 millionar kroner på bok, i staden for å fordele pengane på alle sjukehusa i regionen.

Tidlegare i år løyvde Stortinget 800 millionar kroner for å rette opp den elendige økonomien i alle helseføretaka i landet. Helse Midt-Noreg fekk då 280 millionar kroner.

Pengar på bok

Sjukehusa i Møre og Romsdal har ikkje sett noko til desse pengane, for styret i Helse Midt-Noreg sette pengane på bok.

Her skal dei stå til rekneskapen for 2007 er ferdig. Då blir pengane overført til St.Olavs Hospital Trondheim, som vil gå med 300 millionar i underskot berre i år.

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) meiner dette er hårreisande, og tek i dag kontakt med helseminister Sylvia Brustad for å få henne til å overprøve styret sitt vedtak.

- Pengane som blei løyvd tidlegare i år, skulle brukast på alle sjukehus som slit med økonomien. Det som Helse Midt-Noreg her har gjort er ikkje i tråd med intensjonen, seier Gjelseth.

Slår tilbake

Styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg står fast på at avgjerda dei har gjort er den beste. Brukar dei pengane no, utset dei berre problema.

Han viser til at Stortinget har kravd at helseføretaket skal ha balanse i rekneskapen ved utgangen av året.

- Vi treng pengane vi fekk overført til å saldere budsjettet mot slutten av året, seier Almlid.

Han hevdar at dersom dei 280 millionane skal brukast no, kjem dei til å vere endå lengre unna politkar-kravet om balanse ved årsslutt.