Hopp til innhold

Helseministeren vil gi rask avklaring om fødeavdelinga i Kristiansund

I løpet av kort tid lovar Kjerkol å kome med ei avklaring på kva som skal skje med den stengde fødeavdelinga i Kristiansund.

Helseminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund sjukehus

Helseminister Ingvild Kjerkol besøkte den stengde fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Leve føden, ropte bunadkledde demonstrantar då helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) kom til sjukehuset i Kristiansund torsdag.

Fødeavdelinga står tom og nedstengt. Lysa har stort sett vore av sidan februar 2021 på grunn av bemanningskrise.

– Det er viktig at dei som står og kjenner på trykket i denne saka kvar einaste dag får støtte til å gjere den jobben og vareta våre fødekvinner. Dei har bedt tydeleg om ei rask avklaring for vegen vidare. Det er eg innstilt på å gi dei i løpet av kort tid, seier Kjerkol.

Helseminister Ingvild Kjerkol besøkte Kristiansund sjukehus

Ingvil Kjerkol har fått ei sterk oppmoding om å avklare vegen vidare og det vil ho gjere når ho kjem tilbake til departementet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Har lytta

Stortinget har bestemt at fødeavdelinga i byen skal halde ope.

I tillegg har dei løyvd 25 millionar kroner for å få avdelinga på beina igjen. Avdelinga var open tre veker i sommar, før den blei sommarstengt.

Etter ferien kunne den ikkje opnast slik som planlagt på grunn av sjukmeldingar. Tre sjukehusleiarar har trekt seg frå jobbane fordi dei ikkje ser noko løysing.

Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus

Helseministeren fekk omvising på fødeavdelinga av seksjonsleiar Johanne Gryt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Torsdag møtte Kjerkol tillitsvalde, fagfolk og leiinga i Helse Møre og Romsdal. Ho prata også med ordførarane i Nordmøre og Romsdal.

– Det har vore viktig for meg å lytte. Eg har fått ei god beskriving på kva arbeid som er gjort før ein klarte å gjenopne fødeavdelinga før ferien, seier Kjerkol.

Er stenging eit alternativ?

– No vil eg gjere mine vurderingar og så vil eg kome med avklaring innan kort tid, seier Kjerkol.

Les også Lundteigen: – Det er ingenting som heiter at ein ikkje får tak i folk

Kjerkol til Kristiansund sjukehus

Ikkje realistisk å lukkast kjapt

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, er glad for at helseministeren kom på besøk. Han seier at det er ein krevjande situasjon.

– Vi har rekruttert iherdig i over halvanna år, men ikkje lukkast.

Kva seier du til dei som hevdar de har gjort for lite?

– Eg meiner vi strekker oss svært langt for å lukkast og langt meir enn nokon anna rekrutteringsprosess, seier Bakke.

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, seier at det er ein krevjande situasjon.

Foto: Roar Strøm / nrk

Han meiner det ikkje realistisk at det kjem ei løysing i løpet av kort tid. Til det manglar dei for mange fagfolk og spesielt gynekologar. For at fødetilbodet skal vere trygt må det vere fire gynekologar som går fast i vakt, ifylgje Bakke.

– Har ikkje gjort nok

Bunadsgeriljaen fekk ikkje eit eige møte helseministeren. Dei bua og flira då Kjerkol i ein kjapp kommentar utanfor sjukehuset uttalte at helseføretaket hadde greidd å opne føden i Kristiansund med eit fem dagars tilbod i sommar.

Leiar Marie Grødahl Brekkan forventar at dagens møte fører til at fødeavdelinga blir gjenopna og at dei gjer alt dei kan for å rekruttere dei siste fagfolka som manglar.

Marie Grødahl Brekkan i Bunadsgeriljaen

Marie Grødahl Brekkan i Bunadsgeriljaen meiner det ikkje har gjort nok for å gjenopne fødeavdelinga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg veit at dei ikkje har gjort nok. Det viser at det ikkje er vilje til å gjenopne. Dei har tydelegvis ein agenda om å halde stengt, trur Brekkan. Ho trur mange tusen står bak i dei i kampen for å gjenopne fødeavdelinga, sjølv om det ikkje var så mange som møtte opp til demonstrasjonen.

– Engasjementet veks. Folk blir sintare og sintare for denne uretten, seier Brekkan.

– Føden skal opnast

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap) forventar at arbeidet med å rekruttere fagfolk blir intensivert og held fram.

– Helseføretaket har ikkje fått noko endring i oppdraget sitt. Føden i Kristiansund skal gjenopnast så snart det er nok folk på plass. Det forventar eg at dei gjer inntil regjeringa eventuelt seier noko anna, seier Neergaard.

Ingvild Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus. Bunadsgeriljaen var på plass

Fleire møtte opp med plakatar utanfor sjukehuset.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK