Hopp til innhold

Helseføretaket må spare

Helseføretaket må gjennomføre omstillingar på minst 90 millionar kroner i 2021 og 2022 og 80 millionar i 2023 og 2024 for å få positive driftsresultat. I ein risikoanalyse blir kostnadene til Helseplattformen, nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal og oppgraderingar i Ålesund og Volda, halde fram som investeringar som påverkar rekneskapen. Om føretaket berre sparer 60 millionar i året får det store følgjer for resultatet og for kor mykje pengar føretaket har tilgjengeleg.

Helse Møre og Romsdal
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK