Hopp til innhold

Helseføretaket gjorde ikkje nok

Helse Møre og Romsdal får refs etter at ein pasient måtte leve med stor smerte i fleire veker utan nødvendig medisin. Pasienten er avhengig av jamnlege injeksjonar av medisin, og manglande behandling fører til funksjonshemming, smerte og søvnløyse. Helse Møre og Romsdal har forklart at mangel på personell har skapt vanskar. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag slår fast at helseføretaket ikkje har gjort nok for å hjelpe pasienten og forebygge personellmangel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL