Tek sjølvkritikk etter å ha erklært kvinne død

Legen undersøkte kvinna og erklærte ho død. Like etter viste det seg at ho framleis var i live. No tek Helse Møre og Romsdal sjølvkritikk for å ha stansa behandlinga.

Molde sjukehus

Kvinna blei frakta til Molde sjukehus og blei seinare erklært død. Men det viste seg at kvinna framleis var i live.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var 19. februar i år at ei kvinne blei frakta til Molde sjukehus, der ho blei erklært død etter å ha blitt funnen livlaus i ein snøskavl.

Politiet blei rutinemessig varsla, men då dei kom for å sjekke saka, viste det seg at kvinna var i live. Ifølge TV 2 fekk politimannen som kom til staden seg ein støkk, då det som skulle vere ei død kvinne gav frå seg ein lyd. Ein lege frå Molde sjukehus var også til stades då dette blei oppdaga, og det blei umiddelbart sett i gang behandling.

No tek Helse Møre og Romsdal sjølvkritikk etter hendinga.

Torstein Hole

Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi beklagar sterkt overfor kvinna og dei pårørande at ein stansa behandlinga og erklærte kvinna død før ho fekk den helsehjelpa situasjonen tilsa, skriv dei i ei pressemelding.

Vidare skriv dei at teamet som behandla kvinna er erfarne og høgt kompetente legar som dessverre gjorde ein feilvurdering, og at hendinga har gått tøft inn på tilsette ved sjukehuset.

– Helseføretaket er glad for at kvinna overlevde og er i betring. Vi vil ta lærdom av saka og skal bruke vårt interne kvalitetssystem for å sikre at slike hendingar ikkje skjer ingen, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Kvinna låg innlagt ved Molde Sjukehus fram til 8. mars då ho blei skriven ut frå sjukehuset.

Blei undersøkt med ultralyd

Kvinna var sterkt nedkjølt då ho kom til sjukehuset i Molde og skal ifølgje Helse Møre og Romsdal ha hatt svak puls og ein kroppstemperatur på 24 grader. Ein lege ved Molde sjukehus tok så kontakt med St. Olavs hospital i Trondheim for å flytte over pasienten og få rekvirert luftambulanse. Kort tid etter fekk kvinna hjartestans og det blei straks sett i gong gjenoppliving.

Molde sykehus

Kvinna var sterkt nedkjølt då ho kom til sjukehuset i Molde.

Foto: Remi Sagen / NRK

På bakgrunn av kvinna sin sjukdomshistorie vurderte legar ved St. Olavs hospital at det ikkje ville bidra til å styrke kvinna si prognose å flytte ho. Ifølgje helseføretaket avslo dei difor å ta imot pasienten.

På bakgrunn av dette blei behandlinga av kvinna avslutta ved Molde sjukehus.

– Ein lege gjennomførte vanleg dødsdiagnostikk, samt ei ultralydundersøking av kvinna sitt hjarte som ikkje viste aktivitet. Kvinna blei erklært død og pårørande blei varsla via telefon, skriv helseføretaket.

Kvinna og dei pårørande ønskjer å bidra til at saka blir rett opplyst og har godkjent informasjonen frå Helse Møre og Romsdal.

Skal følgje opp saka

Hendinga blei meldt som eit avvik til Helsetilsynet, som har gjort sine undersøkingar i saka. Dei konkluderte med at ikkje var nødvendig med tilsynsmessig oppfølging, men at saka blir tatt med i vurderinga av ei anna tilsynssak.

Dette gjeld ei sak frå februar i fjor, der Helse Møre og Romsdal fekk kritikk fordi dei ikkje sende ein nedkjølt mann til Trondheim. Også tidlegare har helseføretaket fått kritikk for å ikkje følgje rutinane knytt til nedkjølte pasientar.

Helse Møre og Romsdal opplyser at dei kjem til å følgje opp saka og gi ei tilbakemelding til Helsetilsynet. Dei skal også samarbeide med St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge for å gjennomgå prosedyrar og rutinar for handtering av nedkjølte pasientar. Dette for å unngå liknande hendingar i framtida.

Les alt om saka her: