Hopp til innhold

Må avlyse anbodskonkurranse etter feil

Helse Møre og Romsdal braut regelverket om offentlege innkjøp under ein anbodskonkurranse om kjøp av ambulansebåttenester.

Ambulansebåt

AmbuTrans i Midsund prosjekterte i 2008 ein båt med to skrog til anbodskonkurransen om ambulansebåtdrift.

Foto: AmbuTrans AS

Helse Møre og Romsdal pliktar å avlyse anbodskonkurransen om levering av ambulansebåttenester. Det slår Klagenemda for offentlege anskaffingar (Kofa) fast.

Konkurransen om levering av ambulansebåttenester blei utlyst i 2009. På grunn av ein del spørsmål kring spesifikasjonar og krav til båttype har det gått lang tid. Først i februar i år vart det tildelt ein kontrakt.

LES ÒG:

I september sendte eit av selskapa som deltok i konkurransen, Ambutrans AS, inn ei klage til KOFA. Dei meinte det var gjort feil i anbodskonkurransen,

No har AmbuTrans AS fått medhald i at det vart gjort feil i anbodsprosessen.

Kofa peiker på at helseføretaket endra kriteria for konkurransen før tilbodsfristens utløp, mellom anna med tanke på passasjertal og dekksflate.

Har ikkje skrive kontrakt

Ambulansebåt

MED BIL: Den prosjekterte båten har plass til ambulansebil om bord. På grunn av endringane helseføretaket gjorde vurderte dei å endra tilbodet og heller tilby ein brukt båt i staden for ein nybygd båt.

Foto: AmbuTrans AS

Det var dåverande Helse Nordmøre og Romsdal som blei klaga inn for Kofa, og det er Helse Møre og Romsdal som får saka på sitt bord. NRK har vore i kontakt med kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund, som seier dei ikkje får sett på saka før over helga.

Helseføretaket har ikkje signert kontrakt med dei som fekk tildelt kontrakten for levering av ambulansebåttenester, i påvente av konklusjonen frå Kofa.

Innklagede har gjennomført en konkurranse med forhandling for anskaffelse av ambulansebåttjenester. Kontrakt med valgte leverandører er ikke inngått. Klagenemnda fant at innklagede foretok en vesentlig endring av konkurransegrunnlaget før tilbudsfristens utløp i strid med forskriften § 8-2 (1). Klagenemnda fant videre at innklagede har plikt til å avlyse konkurransen.

Klagenemnda for offentlige anskaffelser (Kofa)

Håpar på ny konkurranse

No som klagenemnda har konkludert vonar Petter Lyster i AmbuTrans AS i Midsund at det vert lyst ut ein ny konkurranse.

– Me meiner det vart gjort ein del feil i anbodet, det har vore vårt motiv heile tida å få konkurransen avlyst, slik at me har høve til å vere med på ein ny anbodsrunde, seier Lyster.

Lyster påpeikar at helseføretaket heile tida har vore imøtekommande under prosessen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL