Hopp til innhold

Styreleiar: – Det er ikkje krise

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal var i dag oppe i styret. – Eg opplever ikkje dette som ei krise. Det er handterleg, seier styreleiar Kinserdal.

Petter Bjørdal og Stein Kinserdal

TRENG KONTROLL: Styreleiar Stein Kinserdal seier at det framover må bli mykje betre kontroll over bemanning og budsjett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sjukehusdirektør Espen Remme opna styremøtet med å understreke den alvorlege økonomiske situasjonen.

Hittil i år har Helse Møre og Romsdal eit underskot på 94, 7 millionar kroner. Prognosen er 123 millionar i minus i år.

Budsjettsprekken i juni er på 15,9 millionar kroner og 19,8 millionar kroner i juli.

Espen Remme ved sykehuset i Molde

OPTIMISTISK: Espen Remme, sjukehusdirektør i Helse Møre og Romsdal, trur det går greit å løyse situasjonen.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

– Eg står her med optimisme, sjølv om det er ein alvorleg og uhaldbar situasjon. Eg opplever vilje til å handtere situasjonen, seier Remme.

Dei siste dagane har Remme reist rundt og møtt leiarane ved dei fire sjukehusa. Det blir innført eit rapporteringsregime.

Styret fekk ei forklaring på kvifor avviket vart så stort i sommar. Ei av dei største bekymringane er dei auka lønskostnadene.

Sidan 2015 har det vore ein jamn vekst i bemanninga. Veksten utgjer 117 millionar kroner.

– Det er lønsveksten vi må rette merksemda vår mot. Det er der vi må ta grep, seier Remme. Målet er å kome på same bemanningsnivå som i 2015.

Tala viser at det i dag er 146 fleire tilsette enn i 2015.

Ikkje krise

Styreleiar Kinserdal seier at saka er alvorleg og at det er snakk om store tal. Styret og heile organisasjonen må erkjenne problemet. Han meiner det må vere oppfølgingsregimer for at leiarane skal gjennomføre tiltaka.

Eg opplever ikkje dette som ei krise, for det er handterleg

Stein Kinserdal, styreleiar i Helse Møre og Romsdal

Kinserdal sa til styret at tiltaka som skal settast i verk ikkje må bli som italienske trafikklys og berre bli sett på som forslag.

– Budsjettet må haldast, så slepp vi overraskingane, seier Kinserdal. Han meiner at styret må vere tydelege på sine forventningar om bemanning og budsjettkontroll.

Forstår ikkje overraskingane

Kirsti Slotsvik synest det er rart at administrasjonen meiner sommarens underskot kom som ei overrasking.

– Ein sommar med låg aktivitet burde ikkje kome som ei overrasking når det gjeld bemanning. Det verka som det er dårleg planlagt. Har det vore leiarar på plass som kunne planlagt dette? At det skulle bli overraskingar på bemanning forstår eg ikkje, seier Slotsvik.

Ho er kritisk til å drive omorganisering samstundes som det skal effektiviserast. Ho meiner også at det er overveldande med ei lang liste med forbetringspunkt, og meinte at det må gå an å konsentrere seg om færre prosjekt.

Også tilsetterepresentant Svein Anders Grimstad er uroa over at lønskostnadene i sommar kunne kome som ei overrasking. Han meiner at dette kunne ein sjå for seg ved å sjå på bemanningstalet.

– Eg synest vi har hatt ein god debatt og er uroleg for om vi klarer dette. Vi kan ikkje gå ut av hausten utan å komme gjennom det, seier Grimstad.

Må snu utviklinga

Det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal har ein prislapp på over 4 milliardar kroner. Planen er at sjukehuset på Hjelset skal stå ferdig våren 2022. For å finansiere det nye sjukehuset må helseføretaket spare pengar.

– No går vi inn på alt frå turnusplanlegging, planlegging av vakansvakter, jobbing med forbruksmønsteret. Det er 200 seksjonar i Helse Møre og Romsdal. Og når ein summerer beløpa for alle seksjonane så blir det høge tal. Dette er litt av utfordringa vår, seier Remme.

Styret vedtok å intensivere tiltaka for å snu den økonomiske utviklinga.

Helse Møre og Romsdal bad også Helse Midt-Noreg om utvida driftskreditt for å få pengar til lønsutbetalingar.