Helse Møre og Romsdal i underskudd

Helse Møre og Romsdal har ikkje klart å snu den økonomiske utviklinga. I juni og juli var underskotet på over sju og nesten åtte millionar kroner. Det samla underskotet i forhold til resultatmålet er på 48,5 millionar kroner hittil i år. Resultatmåla er satt høgare på grunn av dei planlagde investeringane - mellom anna bygginga av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.