Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal får kritikk

Helse Møre og Romsdal får kritikk fordi ein pasient vart funnen død heime, etter å ha blitt sendt heim frå Ålesund sjukehus. Det skriv Sunnmørsposten. Pasienten hadde hovudskadar, og vart sendt heim tidlegare enn det som er normalt. Statsforvaltaren har funne ut at det mangla dokumentasjon på utskrivinga. Og dei forventar at helseføretaket endrar rutinane sine.