Hopp til innhold

Helse Midt spanderte 50-årslag

Helse Midt-Noreg brukte 32 000 kroner på snittar, kaffi og eplemost då sjefen fylte 50 år.

Direktør, St. Olavs Hospital, Gunnar Bovim.

FEKK SELSKAP: Administrerande direktør Gunnar Bovim fekk fest til 32 184 kroner av Helse Midt-Noreg.

Foto: NRK.

77 personar feira administrerande direktør Gunnar Bovim etter eit styremøte i Helse Midt-Noreg på Stjørdal i februar.

Er det greitt? Diskutér i kommentarfeltet under saka.

I selskapet var styremedlemmer, helsetoppar og spesielt inviterte. Dei åt og drakk for drøyt 400 kroner kvar - totalt 32 184 kroner.

Reagerer kraftig

Harald Nesvik

Stortingsrepresentant Harald Nesvik har lite til overs for gebursdagsselskapet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Harald Nesvik frå Framstegspartiet er svært usamd i det som skjedde. Han meiner dette gir eit fullstendig feil signal til heile organisasjonen, og vurderer å ta saka opp med helseministeren.

- Syns styret burde vurdert dette annleis. Når vi ser all uroen i organisasjonen syns eg ikkje dei burde gjort det, seier Nesvik.

Ville gjere stas på Bovim

På gjestelista stod blant andre direktørane for NTNU, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Helsebiblioteket, sambuaren til Bovim og tre born.

Styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg seier dei ville gjere stas på ein god kollega.

- Det var ei enkel feiring med snittar, kake, kaffi og vatn. Me drakk verken mineralvatn eller alkohol, seier Almlid til Tidens krav.

- Svært kritisk

Tillitsvald Trine Sevaldsen for medisinsk klinikk i Kristiansund har ikkje sans for markeringa.

Ho meiner arrangementet burde vorte betalt privat, som då dei feira direktør Bjørn Engum i Helse Nordmøre og Romsdal sin 60-årsdag i fjor.

- Me gav han ein blomsterbukett og ei kake som me kjøpte sjølve, seier Sevaldsen til avisa.

Sjølv om Helse Midt går med overskot, meiner ho dei ikkje burde bruke 32 000 kroner på ein bursdagsfeiring.

- Det stiller eg meg svært kritisk til.