Hopp til innhold

Helse Midt-Noreg styrkjer tilbodet til tidleg-fødde

Helse Midt-Noreg har løyvt to millionar kroner til kompetansehevande tiltak ved neonatalavdelingane i Ålesund og Trondheim. Samstundes er det klart at Ålesund sjukehus framleis får behandle barn som er fødde i 26. til 28. svangerskapsveke.

Barneavdeling Ålesund

Neonatalavdelinga i Ålesund er plassert her ved Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Eit forslag om nasjonale retningsliner som Helsedirektoratet sende ut på høyring skapte uvisse kring framtida for neonatal-avdelinga i Ålesund. Følgjene av forslaget kunne bli at barn som var fødde før 28. svangerskapsveke skulle behandlast ved berre eitt sjukehus i kvar helseregion. I Møre og Romsdal og Trøndelag ville det bety St.Olavs hospital i Trondheim.

Henrik Sandbu

Fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Noreg.

Foto: Helse Midt-Norge

– Hos oss er det no semje om å setje grensa ved 26. svangerskapsveke, og vi skal ha ei styrking av neonatal-tilbodet både i Ålesund og Trondheim, seier fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Noreg.

Det var Sunnmørsposten som omtalte denne saka først.

Til NRK seier Henrik Sandbu at han tykkjer at striden kring Neonatalavdelinga i Ålesund er avslutta på ein god måte.

– Vi har no ei felles semje om korleis dei for tidleg-fødde skal handterast i regionen. Vi klarla dette før jul. Så har det vore nokre formelle prosessar som skulle på plass. Denne løysinga blir starta frå 15. februar, seier Sandbu.

Helse Møre og Romsdal og St.Olavs Hospital har no inngått ein avtale om regionalt pasientforløp for behandling av gravide med risiko for for tidleg fødsel og for tidlegfødde barn i Midt-Noreg.

– Avtalen byggjer på at barn som er fødde før 26. svangerskapsveke får tilbodet på St.Olavs Hospital. Dette blei stadfesta i fadirektørmøte no i februar. Vi ønskjer å legge tilhøva til rette for styrking av eit allereie goedt tilbod og tettare samarbeid mellom fagmiljøa i Ålesund og Trondheim, seier Sandbu.

Sandbu seier at planen byggjer på den faglege prosessen ein har hatt i Midt-Noreg, og at det ikkje ligg føringar som er knytte til forslaga frå Helsedirektoratet om ei sentralisering av tilbodet for barn som er fødde før 28. svangerskapsveke. Han stadfestar også at det ikkje ligg føre nokon planar for nedbemanning ved avdelinga i Ålesund.

– Det ligg ikkje føre planar for nedbemanning i Ålesund. Tvert om så ligg det føre ein plan for kompetanseoppbygging. Dei aller minste av dei for tidleg-fødde barna skal til St.Olavs Hospital. Men dette dreiar seg om svært få barn, seier Sandbu til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL