Hopp til innhold

Heller fele enn fotball

Han vil mykje heller stå på scena med fela si enn å springe etter ein ball. Lars Viljo Fauske er berre ti år, men har alt spelt fele i fire. Denne helga fekk han vist seg fram under fylkeskappleiken.

Lars Viljo Fauske
Foto: Frode Berg / NRK

– Eg syns det var eit kult instrument, seier Fauske.

Berre fire år gamal var sykkylvingen i gang med å mase på foreldra om å få ei fele. Dei meinte han var for ung.

– Eg var inspirert av Alexander Rybakk og andre felespelarar, det syns eg var veldig kult.

Kvifor det?

– Eg syns det såg kjempestilig ut, mykje kulare enn rockemusikk.

Måtte vente

Etter to år gav foreldra etter, og denne helga har den unge musikaren vore saman med mange andre med same interesse.

Fylkeskappleiken

Både dansarar og musikarar var i sving under fylkeskappleiken i Tresfjord denne helga.

Foto: Frode Berg / NRK

Den årlege fylkeskappleiken har denne gongen halde til i Tresfjorden, der unge og gamle er samla for å spele og danse seg gjennom helga.

– Det er kjekt, for det er ikkje så veldig mange av kameratane mine som driv med dette, seier han.

– Kva trur du er grunnen til det?

– Dei vil kanskje heller spele fotball, men det vil ikkje eg.

Synnøve Fauske

Susanne Fauske seier sonen maste lenge før han fekk si første fele.

Foto: Frode Berg / NRK

Mor Susanne Fauske, seier det var han sjølv som fann på at det var nettopp fele han ville spele.

Vi kjenner ingen som speler fele, men han var heilt bestemt, og vi ser jo at han kosar seg med det, så det er berre kjekt.

Lars Willy Faske og mor Synnøve Fauske forteller om sønnens iver etter å begynne å spille fele

Vil lære om gamle dagar

Synnøve Lange

Synnøve Lange seier ho lærer mykje om gamle dagar av å vere med i leikarringen.

Foto: Frode Berg / NRK

Også Synnøve Lange frå Molde er 10 år. For henne er det dansen som er det kjekkaste med kappleiken.

– Det er likar aller best er å synge og danse, og det får eg gjere i leikarringen, seier ho.

Lange er glad i gamle ting og skikkar, og trur det var grunnen til at ho starta med folkedans.

– Eg syns det er spennande å vite korleis dei levde i gamle dagar, og vi dansar jo på museet og opptrer der, så då lærer vi jo mykje.

Ho har vore med på kappleiken før, og syns det er kjempegøy.

– Det er ingen i klassen som held på med det, men eg veit ikkje kvifor. Dei har kanskje ikkje tid. Men eg trivst veldig godt.

Synnøve Lange er glad i folkedans og liker å vite mer om det som skjedde i gamle dager.

Det same gjer tiåringen frå Sykkylven. På spørsmål om kor lenge han skal spele fele, er han heilt klar:

– Heile mitt liv!

Spelemannslaget Dåm og Drag fra Tresfjord spiller og styreleder Hanne Salthammer forteller om det forholdet barn og unge har til folkemusikken og hvorfor hun selv begynte å spille fele.

Håper fleire blir med

Styreleiar i Spelemannslaget Dåm og Drag, Hanne Salthammer, håper fylkeskappleiken i Tresfjord denne helga kan være med på å gjøre folkemusikken kjent for flere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL