Hopp til innhold

Heller buss enn høghastigheitstog

Busstilbodet svekkast - samstundes løyver politikarane pengar til utgreiing om høghastigheitstog.

Buss
Foto: Marius Harlem / NRK

Frank Sve(FrP)

Leiar i Samferdsleutvalet, Frank Sve (Frp).

Foto: Trond Vestre / NRK

- Eg frykter eit svært svekka busstilbod og kjem til å setje dette opp mot forslaget om å støtte utgreiing av høghastigheitstog. Eg vil bruke pengane som er tiltenkt dette luftslottet til å forbetre busstilbodet i fylket, seier Frank Sve (Frp), leiar i Samferdsleutvalet.

Feil prioritering

Onsdag denne veka vart det kjend at 14 bussruteavgangar er nedleggingstrua, dersom ikkje det blir løyvd meir pengar. Same dag støtta Samferdsleutvalet ei utgreiing av eit høghastigheitstog til Møre og Romsdal. Denne prioriteringa meiner Sve er heilt feil. Frp og Sunnmørslista gjekk i mot forslaget om utgreiing av høghastigheitstog.

14 avgangar nedleggingstrua

Fjord 1 buss møre varslar nedlegging av 14 bussruteavganger dersom ikkje meir pengar blir løyvd. Over halvparten av desse rutene er helgeavganger.

- Det vil ramme spesielt eldre og utkantane. Eg synes det er sterkt beklageleg om ein prioriterer å bygge ned busstilbodet og samstundes har pengar til å utgreie eit høghastigheitstog, seier Sve.

 

Iver Nordseth (V)

Iver Nordseth (V), medlem av Samferdsleutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Absurd samanlikning

Iver Nordseth (V) var ein av dei som stemte ja for ei satsing på høghastigheitstog i samferdelsutvalget, men å setje dette opp mot busstilbudet i fylket blir heilt absurd meiner han.

- Det blir å snu saka på hovudet. Det er klart at det er svært aktuellt å snakke om busstilbodet no og det er viktig å halde det oppe, men saka om høghastigheitstog er ei framtidssak, seier Nordseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL