Hopp til innhold

Hellandsvik går av

Paul Hellandsvik trekkjer seg som toppsjef i Helse Midt-Noreg, eitt år før han etter avtalen skulle gå av.  

Paul Hellandsvik
Foto: Helse Midt-Noreg

Paul Hellandsvik er opphavleg frå Brattvåg. Han har vore i leiinga for Helse Midt-Noreg sidan helsereforma blei sett i verk og staten overtok som eigar av sjukehusa i 2001 - først som styreleiar, deretter som administrerande direktør.

Økonomiproblem

- I løpet av desse åra har vi oppnådd mange av måla i reforma. Når det gjeld kravet om økonomisk balanse i drifta er vi dessverre langt frå målet, noko som ikkje er tilfredsstillande. Men det er sett i verk omfattande tiltak som vil betre drifta, seier Hellandsvik i ei pressemelding.

Får andre oppgåver

Styreleiar Kolbjørn Almlid  seier at Paul Hellandsvik har gjort ein stor innsats for å betre helsetilbodet i Midt-Noreg. Sidan reforma blei gjennomført er ventetidene blitt mykje kortare og korridorpasientane færre. Tilbodet innan psykisk helsevern og rusbehandling er også betra.

Hellandsvik skal no arbeide med andre oppgåver innan helseføretaket. Dessutan er han spurd om å gjere oppgåver for sentrale helsestyresmakter.