Hopp til innhold

Helikopteret klarte ikkje lande då 5-åring vart alvorleg sjuk

Dottera til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fekk store pusteproblem og måtte fraktast til Ålesund sjukehus. Veret var så dårleg at helikopteret ikkje kunne lande. Vekkjaren får Rotevatn til å slå ring om akuttberedskapen i Volda.

Dottera til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ambulanse

5-åringen vart sjuk og måtte fraktast til Ålesund sjukehus natt til 30. desember. Veret var så dårleg at helikopteret ikkje kunne lande.

Foto: privat

Natt til 30. desember fekk den fem år gamle dottera til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Volda store pusteproblem. Foreldra oppsøkte Volda legevakt og det vart avgjort at jenta måtte sendast til barneavdelinga i Ålesund i all hast. Men ute var det eit forrykande ver, og helikopteret som vart rekvirert kunne ikkje lande. Helsepersonellet i helikopteret måtte i staden kome køyrande i ambulanse og møte ambulansen frå Volda på halvvegen.

– Det gjer noko med deg å sitte i ein ambulanse som køyrer utrykning i 100 km/t på svingete vegar, midt på natta i dårleg ver, og legen står på kne og behandlar barnet ditt, seier Rotevatn. Ho er tidlegare journalist, blant anna i NRK og jobbar no som dekan ved Høgskulen i Volda. Rotevatn sit også i styret i NRK.

Ho prisar seg lukkeleg over at veret ikkje var så dårleg at ferja over fjorden var innstilt. Hadde den vore det, hadde dei ikkje kome seg til Ålesund.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner at folk som bur i distrikta ikkje kan ta for gitt at lokalsjukehusa får behalde akuttberedskapen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Må kjempe for lokalsjukehuset

Den dramatiske episoden får mora frå Volda til å sjå kor viktig det er at lokalsjukehuset i Volda har akuttberedskap. Det var anestesipersonell frå sjukehuset som tok hand om 5-åringen før ho vart sendt vidare til barneavdelinga i Ålesund.

– Vi som bur ved dei små sjukehusa må ikkje lene oss tilbake og tru at det vert slik for evig og alltid. Vi må vere vakne og følge med. Vi kan ikkje ta det for gitt at vi får behalde beredskapen, seier Rotevatn. Ho skreiv eit innlegg på facebooksida si etter opplevinga i ambulansen og den har blitt delt nesten 1000 gongar.

Audhild Gregoriusdottir Rotevatn si facebookmelding

Denne facebookmeldinga har skapt stort engasjement.

Styresak i januar

Fleire tusen gjekk i fakkeltog i november 2015 då ein frykta at Volda sjukehus kom til å miste akuttkirurgien som fylgje av den nye nasjonale helse og sjukehusplanen. 25. januar skal styret i Helse Møre og Romsdal igjen behandle saka.

Dei har fått i oppdrag å finne ut korleis den framtidige organiseringa av den akuttkirurgiske beredskapen skal vere ved sjukehuset i Volda.

Helse Midt-Norge skriv i si tilråding at dei ventar eit tettare samarbeid mellom fagmiljøa i Volda og Ålesund.

Småbarnsmora frå Volda meiner at helseføretaka ikkje berre kan telle kor mange kilometer det er frå eit sjukehus til eit anna, men at dei må ta hensyn til fjordkryssingar, fjellovergangar og skredfare.

– Eg unner ingen denne opplevinga. Heldigvis gjekk det bra, seier Rotevatn.