Folk frå politiet og Flyhavarikommisjonen kom til ulukkesstaden i dag for å undersøke ulukka og heve helikopteret opp av Isvatnet der det låg på omlag fem meters djup.
Må vente på konklusjon
Det vil endå ta litt tid før ein konklusjon på kva som er årsaka til ulykka er klar.
Det seier Knut Lande som er leiar for havarikommisjonen.
Knut Lande (Foto: Pål Bakke)
Han var i dag på Vigra for å intervjue piloten og den kvinnelege passasjeren om det som skjedde i går.
To personar var ombord i helikopterer då det styrta, men kom uskadde frå ulukka.
Operasjonsleiar Kåre Hanken frå politiet og assisterande havariinspektør Kåre Wikerøy før hevinga. (Foto: Alf-Jørgen Tyssing)