Auredagane
Helikopteret var på rundtur i samband med Auredagane, då piloten merka at noko var gale.
Landinga var kontrollert og ingen kom til skade. Difor vil ikkje politiet etterforske saka, seier operasjonsleiar Harald Rønning i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Det var dette helikopteret frå Helikopterdrift as som måtte lande i Aure. Foto: Helikopterdrift as.
"Føre var-landing"
Flygesjef Geir Tynes i Helikopterdrift as har fått rapport om hendinga og fortel til NRK at piloten merka ein vibrasjon i halen på helikopteret. Ut frå det gjorde piloten det Tynes kallar ei "føre var-landing".
–Uansett så landar vi då. Vi må sjekke kva som er gale – dersom det er noko gale, seier Tynes, og forsikrar om at helikopteret ikkje vil bli brukt igjen før det har vore gjennom full teknisk sjekk.
Piloten har ifølgje flygesjefen mange års erfaring og følgde tryggleiksprosedyren slik han skulle.