Hopp til innhold

Heldt lenge på med ettersløkking

Brannvesenet heldt framleis på med ettersløkking måndag, etter at det byrja å brenne i ein fiskebåt ved Giske søndag kveld.

Brann båt Giske
Foto: Charlotte Ervik / NRK

Det var like etter klokka halv ni søndag kveld at brannvesenet rykka ut til ein båtbrann ved ei småbåthamn i Giske kommune.

Måndag klokka 06:00 heldt brannvesenet framleis på med ettersløkking på staden.

– Vi har framleis ein bil på staden. Ein slik brann skaper så pass mykje varme i skroget at det tek tid før brannen er heilt sløkt, fortel brannvakta ved 110-sentralen i Møre og Romsdal like etter klokka 06:30 måndag.

Ingen skadde

Flammane tok godt tak i fiskebåten, som vart utbrent. Den næraste naboen til småbåthamna vart evakuert, og brannvesenet bad folk som eigde småbåtar i hamna om å flytte dei for å redusere faren for spreiing.

Ingen var om bord i båten då brannen starta, men ifølgje politiet skal det ha pågått arbeid i båten like før det byrja å brenne.

Tre personar vart undersøkt av ambulansepersonell på staden søndag kveld.

Det er enno uklart kva som er årsaka til brannen.

– Det blir truleg gjort undersøkingar på båten i løpet av dagen så vi håpar å vite meir når det er gjort, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Rundt klokka 12.30 måndag var brannen sløkt, og klokka 13.13 forlet brannvesenet staden.

Det brenner i en 50-fots båt som ligger til kai ved Giske.