Sjukehuset på Hjelset kan bli billegare enn Østfoldsykehuset

Nye opplysningar tyder på at det nye sjukehuset på Hjelset får ein lågare kvadratmeterpris enn Sykehuset Østfold. Men Helse Møre og Romsdal vil halde opplysningane hemmeleg.

SNR Nytt sjukehus på Hjelset

Slik skal etter planen det nye sjukehuset sjå ut.

Foto: Sykehusbygg

Det slo ned som ei bombe då det viste seg at tilbodet frå entreprenøren Skanska låg fleire hundre millionar kroner over den maksimale prisgrensa som Helse Møre og Romsdal hadde sett for seg. Styret i helseføretaket reagerte med å setje kniven på strupen og gav Skanska ein siste frist for å kome med eit endeleg tilbod.

I morgon måndag skal føretaket bestemmet seg for om dei skal skrote kontrakten, eller om Skanska no har gitt eit så pass greitt tilbod at det er mogleg å halde fram samarbeidet. Direktøren går inn for at møtet skal lukkast, men inviterer til møte med pressa etter at vedtaket er gjort.

No er også styredokumenta lagde fram.

Her framgår det at alle opplysningane skal haldast hemmelege så lenge saka er under vurdering.

– Saksgrunnlaget blir halde hemmeleg med utgangspunkt i offentleglova der det heiter at det kan gjerast unntak frå hovudregelen om innsyn når dette er påkravd for ei forsvarleg gjennomføring av saker som har med økonomien til føretaket, framgår det av saksdokumenta.

I staden er no pressa invitert til ei orientering i etterkant av det ekstraordinære styremøtet.

Reagerer på hemmeleghald

Sindre Granly Meldalen

Sindre Granly Meldalen i Norsk Presseforbund meiner helseføretaket ikkje kan halde hemmeleg heile saksgrunnlaget, når dei no vurderer det nye tilbodet på bygginga av sjukehuset på Hjelset.

Foto: Lars Eivind Bones/Dagbladet

Norsk presseforbund reagerer på hemmeleghaldet. Sindre Granly Meldalen seier det er interessant at administrasjonen i føretaket meiner at openheit rundt råd og vurdering av tilbodet frå Skanska vil kunne skade stillinga til helseføretaket.

– Kva råd og vurderingar vil dei halde skjult? I ei sak der det alt er offentleg debatt om kostnadsrammen bør det vere openheit rundt dette, seier Meldalen.

Han reagerer også på at Helse Møre og Romsdal har unnteke heile saksgrunnlaget.

– Reglane i offentlegheitslova gjev berre adgang til å unnta dei konkrete opplysningane som det er påkravd å halde hemmeleg. Det er mogleg å unnta heile dokument dersom opplysningane utgjer dei vesentlegste delane av dokumentet, men dette er ikkje drøfta i saksframlegget. I ei sak der det er snakk om så store verdiar og følgjer, burde så mykje som mogleg vere offentleg, seier Meldalen.

Nytt tilbod frå Skanska

Audun Lågøyr, Skanska

Audun Lågøyr er kommunikasjonsdirektør i entreprenørselskapet Skanska.

Foto: Pressebilde Skanska / Gudim

Entreprenørselskapet Skanska leverte eit nytt tilbod like før klokka 18 fredag. Skanska ville på dette tidspunktet ikkje kommentere innhaldet i tilbodet. Avisa Romsdals Budstikke skriv i dag at SNR med det nye tilbodet kan kome ned på ein pris som er lågare enn prisen på Østfoldsykehuset.

Dersom dette er riktig fell styret sitt hovudargument for avslaget dei gav tidlegare i desember: at Skanska sitt tilbod låg langt over marknadspris - og over kostnadene for alle samanliknbare sjukehusprosjekt i Noreg, skriv avisa.

Søndag kveld hevdar kommunikasjonsdirektør i Skanska, Audun Lågøyr, også overfor NRK at tilbodet dei har levert vil gje ein lågare kvadratmeterpris enn på Østfoldsykehuset.

Billegare enn Østfold

Etter det NRK kjenner til er det gjort nye samanlikningar mellom prisen på Østfold-sjukehuset og det nye sjukehuset på Hjelset. I desse oversyna kjem sjukehuset på Hjelset ut med ein kvadratmeterpris som ligg 3 prosent under Østfoldsjukehuset.

Østfoldsjukehuset

Når byggherre-kostnadene, det vil seie kostnadene som Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg har hatt, blir lagt opp på dette, så overstig kostnadene på Hjelset Østfoldsykehuset.

Kostnader Hjelset

Sidan det siste tilbodet frå Skanska er halde hemmeleg har NRK ikkje hatt høve til å kontrollrekne på desse tala. Tal NRK sit på viser imidlertid at også Østfoldsykehuset er bygd etter ein høgare kvadratmeterpris enn det SNR ville oppnå om ein held fast ved dagens prosjekt. Mykje tyder dermed på at ramma på 4,6 milliardar må utvidast om prosjektet slik det er uforma no skal realiserast. I denne ramma ligg også alt av andre kontraktar og alle andre kostnader ved prosjektet.

Dyrare enn planlagt

Det var midt under styremøtet i Helse Møre og Romsdal, 9. desember, at det blei kjent at tilbodet frå Skanska låg fleire hundre millionar kroner over styringsramma for prosjektet på 4,6 milliardar.

Styret måtte ta ein times pause i forhandlingane og konkluderte til slutt med å sette ein endeleg frist for eit endeleg tilbod frå Skanska fredag. Skanska leverte det nye tilbodet innan fristen, og det er dette tilbodet Helse Møre og Romsdal no reagerer på.

– Er i forhandlingar

Helse Møre og Romsdal melder no at dei framleis er i forhandlingar, og at dei no vel å halde tilbake opplysningar der føretaket gjer greie for råd og vurderingar i saka. Dette blir gjort av omsyn til forhandlingsposisjonen og den strategiske stillinga til føretaket i saka, heiter det.

– Føretaket har vurdert saka etter kravet om meiroffentlegheit, men helseføretaket meiner at behovet for unnatak på det noverande tidspunktet veg tyngre enn omsynet til offentlegheit, skriv administrerande direktør Øyvind Bakke i sakspapira.

Lukkast ikkje med å redusere kostnadene

Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har ei styringsramme på 4,6 milliardar kroner. Allereie sommaren 2018 var det klart at overskridingane var alt for store, og anbodsprosessen blei stoppa. Det blei sett i gang eit nytt anbodsprosjekt, som Skanska gjekk sigrande ut av. Prosjektet skulle barberast ned slik at det kunne byggast for maksprisen på 4,6 milliardar. Dette skulle skje i samhandling mellom Helse Møre og Romsdal, Sjukehusbygg og Skanska.

Pris og kvadrat auka

NRK sit på tal som viser at kuttprosessen såg ut til å lukkast gjennom store deler av 2019. Men frå februar 2020 har prisane auka, og i særleg stor grad etter sommaren 2020.

– Etter sommaren sklei summen til eit par hundre millionar over styringsramma. Og frå oktober av utvikla dette seg i veldig feil lei. Det siste tilbodet kom frå Skanska 8. oktober. Dette resulterte i ei tilråding om å avbestille det heile, sa styreleiar Ingve Theodorsen under eit møte i Stjørdal denne veka.