Held på med smittesporing

Kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, Tore Lyngvær, bekreftar til NRK at den koronasmitta tilsette frå Seadrill-riggen har oppheld seg i Kristiansund. – Personen skal ha vore på eit hotell i byen og vi jobbar no med smittesporing. Personar som har vore i nærkontakt med personen bli sett i karantene. Vi jobbar med å kartlegge omfanget no, seier Lyngvær til NRK. Det var Tidens Krav som først omtalte saka.