Hopp til innhold

Held Jugend-korta tett til brystet

Festivalbyen Ålesund styrkar posisjonen sin, med kjende artistar til både Midtsommerjazz og Sommarfesten på Giske. Programmet til flaggskipet er derimot hemmeleg, men det blir stort, fortel arrangøren.

Jugendfest

I 2012 var 24.000 menneske innom Jugendfest over tre dagar. I år satsar arrangør Momentium på to festivaldagar med større artistar. Her ser ein publikum under konserten med britiske The Prodigy, headlineren for torsdagen av festivalen i 2012.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

I fjor var store artistar som The Prodigy, Roxette, Kent og Avicii trekkplaster for Jugendfest.

2012 var også første gong festivalen blei arrangert på Color Line Stadion, etter å ha blitt flytta frå St. Olavs Plass i Ålesund sentrum.

Flyttinga av festivalen resulterte i 24.000 festivalgåarar over tre dagar.

Ante Giskeødegård i Momentium

Dagleg leiar og bookingsjef i Momentium, Ante Giskeødegård, fortel at dei gler seg til å gå ut med Jugendfest-artistar.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Færre dagar, større artistar

– Det er berre å glede seg. Det blir tre fine og flotte festivalar i sommar, seier Ante Giskeødegård til NRK.

Han er dagleg leiar og bookingsjef i Momentium, festivalarrangøren bak Jugendfest, Sommarfesten på Giske og Midtsommerjazz.

Men medan mange sterke namn allereie er presentert til både Sommarfesten og Midtsommerjazz, er Jugendfesten så langt eit blankt ark.

– Vi held korta tett til brystet, men det kjem nokre fine namn i løpet av våren.

Éin ting er derimot sikkert, og det er at Momentium siktar høgt. For arrangøren har valt to i staden for tre Jugendfest-dagar, med mål om enda større artistar til Ålesund.

– Det var store namn i fjor òg, men dette er no ein stadionfestivalen og då høyrer store artistar heim. Dette blir ein veldig stor produksjon og vi jobbar mot veldig store artistar, fortel Giskeødegård.

Saka held fram under bildet.

Roxette under Jugendfest

Her ser ein delar av publikum under Roxette-konserte på Jugendfest i 2012.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Ingen sleppdato

Medan andre festivalar allereie har avslørt det meste av programmet, ventar Jugendfest.

Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård

Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård er mennene bak Momentium. Dei er tidlegare bandkameratar frå kjende The Margarets.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ifølgje Momentium er det ikkje veldig lenge til dei første sleppa, men nokon dato er ikkje sett.

– Nei, det har vi ikkje, og det er ikkje alltid vi som avgjer sleppdato heller. Ting kan vere 100 prosent klart, men vi må ofte halde det hemmeleg fordi artisten ikkje vil gå ut med det, seier Giskeødegård.

For festivalen, som blir arrangert 16. og 17. august i år, er det derimot store artistar med ein relativt brei appell som er tanken.

– Det blir fint å få annonsert noko til Jugendfesten om ikkje så veldig lenge, slik at vi slepp å bere på hemmelegheitene sjølve, avsluttar Giskeødegård.