NRK Meny

Held fram søket til det vert mørkt

Leitinga etter ein båteigar i 30-åra utanfor Råneset på Averøy, held fram utover kvelden. Det var i sju-tida måndag morgon båten hans vart funnen tom. Leitemannskapet søker langs strendene til det vert mørkt, opplyser politiet. Det pågår også søk under vatn.