Hopp til innhold

– Ein kan ikkje stå fast ved alle vedtak i all æve

Den nye, førebelse direktøren i Helse Møre og Romsdal vil også utsetje samanslåinga av fødeavdelinga i Molde og Kristiansund. Men han varslar nye grep som skal få utgiftene ned.

Nils Kvernmo

Nils Kvernmo er på plass om konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den nye direktøren har så langt hatt møte med dei tillitsvalde og med leiargruppa. No er han i innspurten med nye forslag til styret. Dei første forslaga blir offentlege alt førstkomande onsdag.

Og eitt signal sender han ut allereie no. Han kjem til å støtte forslaget om å utsetje samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

– Dette er ei sak med svært høg temperatur. Den førre direktøren gjekk inn for ei utsetjing. Eg har funne det rett å signalisere at eg også går inn for utsetjing, seier Kvernmo.

Kvernmo seier til NRK at han kjem til å legge ved forklaringar og premiss for utsetjinga. Det blir også lagt fram ein plan for korleis saka til førast vidare.

– Kjem med nye grep

Ved inngangen til 2019 låg det i prognosane at Helse Møre og Romsdal kom til å få eit negativt resultat på 44 millionar kroner. Blant anna som følgje av utsetjinga av kuttplanane i Kristiansund og Aure auka denne prognosen til minus 80 millionar. Dette kom fram då styret i Helse Midt-Noreg hadde møte i Ålesund i april.

– Det er vedteke ein omstillingsplan i ni punkt. Der står det mykje fornuftig. Så har nok Helse Møre og Romsdal overvurdert kor lett det er å hente ut økonomiske effektar raskt. No er prognosen dårlegare enn det som står i budsjettet. Ei av hovudoppgåvene mine er å fortelje styret kva eg har tenkt å gjere med det for å få eit resultat som ikkje er dårlegare enn budsjett for 2019, seier Kvernmo.

Betyr det at du kjem med nye spareforslag som vi ikkje har sett før?

– Det seier seg sjølv at vi må kome med nye grep, utan at eg kan kome med det no, seier Kvernmo.

Bunadsgerilja mot nedlegging av fødeavdelinga

Bunadsgeriljaen har blitt symbolet på motstanden mot nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Ingen trylleformular

Måndag 29. april måtte dåverande administrerande direktør Espen Remme forlate stillinga si. Eit ekstraordinært styremøte fastslo at Remme ikkje hadde klart å oppnå det økonomiske resultatet som styret forventa. Spørsmålet no er om Nils Kvernmo har med seg metodar og tiltak som gjev han større sjanse til å lukkast.

– Det fins ikkje noko trylleformular for korleis ein kan redusere kostnader i sjukehus. Men 65 til 70 prosent av kostnadene er personalkostnader. Vi er nøydde til å løfte i flokk og få leiarar og tilsette til å jobbe saman for å gjere Helse Møre og Romsdal til herre over eiga framtid, seier den nyslåtte konstituerte direktøren.

Raudt kort styret i Helse Møre og Romsdal

Slik protesterte tilhøyrarane under det førre styremøtet i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Må justere heile tida

Helse Møre og Romsdal har aldri levert positive økonomiske resultat. Det har vore omfattande effektiviseringsprosessar og meininga var at innsparingane skulle kome som følgje av stadige forbetringar i drifta. Men på styremøtet i desember 2018 kravde dåverande styremedlem Nils Kvernmo og styreleiar konkrete innsparingar i 2019 tilsvarande 200 årsverk. Reaksjonane let ikkje vente på seg, verken internt blant dei tilsette, i kommunane og blant befolkninga.

Pusha de på for hardt på det møtet?

– Her kjem du inn på det som eg skal seie til styret 15. mai. Så skal eg vedgå noko på dette punktet så må det vente til då. Men å omstille sjukehus er ein krevjande jobb. Det er ikkje slik at ein kan vedta noko og så fast ved det i all eva. Planen må justerast heile tida, seier Kvernmo.

Desembermøtet i Helse Møre og Romsdal blei på mange måtar startskotet til dei omfattande helseprotestane i fylket. Tilsette i føretaket protesterte. Kommunane på Nordmøre braut samarbeidet med Helse Møre og Romsdal. Og befolkninga danna fakkeltog og danna protestrørsla «Bunadsgeriljaen».

– Må kome på budsjett

– Eg trur at sjukehusleiinga og sjukehusorganisasjonen må ta ansvar for situasjonen slik han er og for å bringe oss vidare. Det er inga overrasking at forslag om strukturelle endringar skapar store motreaksjonar, seier Kvernmo.

Kva kan gjerast for å gjenopprette tilliten?

– Det viktigaste vi kan gjere for å få arbeidsro er å oppnå driftsøkonomiske resultat som er i tråd med eller betre enn budsjett. Det er føresetnaden for å få arbeidsro.

Men kva gjer de når det som blir foreslått skapar sprild og protestar?

Eg kjenner godt til at det er regionale motsetningar i Møre og Romsdal. Det har vi registrert. Og dette regionalpolitiske biletet må vi forhalde oss til.

– Leiing på kvart sjukehus er ikkje tema

Noko av dei første store grepa administrasjonen under Espen Remme si leiing gjennomførte var å innføre felles leiing etter fagfelt og dermed å fjerne lokalt basert leiarskap. Nils Kvernmo seier han ikkje kjem til å gå inn i denne problematikken, sjølv om enkelte miljø peikar på leiingsstrukturen som ei av årsakene til vanskane i føretaket.

– Dette står ikkje på min dagsorden. Eg er konstituert direktør og eg vil konsentrere meg veldig om å ta utviklingsprosessane som er sett i gang vidare. No skal vi gjere det som er naudsynt for å få kontroll på driftsøkonomien.

Spenning mellom Trøndelag og Møre og Romsdal

Nils Kvernmo var direktør ved St. Olavs hospital i Trondheim i åtte år. Mange NRK har vore i kontakt med rosar Kvernmo for arbeidet med å rette opp i økonomien i dette storsjukehuset.

– Dette er ein åtteårig erfaringsbakgrunn. Men ein kan ikkje overføre løysingar frå éin organisasjon til ein annan. No går eg inn i denne organisasjonen og snakkar med folk her.

– Korleis følte du spenninga mellom Møre og Romsdal og det trønderske helsemiljøet då du var direktør på St. Olavs?

– Det var sjølvsagt visse spenningar. Det har vore diskusjonar om inntektsfordeling. Desse spenningane eksisterer framleis. Men i all hovudsak fungerer samarbeidet i helseregionen godt.

Samtalar med klinikksjefane

Nils Kvernmo seier til NRK at han i utgangspunktet held fram med same leiargruppe som Espen Remme hadde.

– Eg ønskjer at så mange som råd held fram. Men dei komande dagane skal eg ha møte med kvar einskild klinikksjef. Då blir sjølvsagt motivasjonen til å vere med i prosessen vidare eit tema.