Held fast på 2026

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre seier han framleis jobbar med utgangspunkt i at nullutsleppskravet frå cruiseskip i verdsarvfjordane skal nåast innan 2026. Rotevatn var i eit møte i dag, mellom anna med representantar for verdsarvrådet, som er veldig klar på at fjordane må bli utsleppsfrie frå 2026. Sjøfartsdirektoratet har tatt til orde for at fristen blir utsett til 2030, og Rotevatn skal no ta med seg innspela han har fått før ei endeleg avgjerd skal takast.

Sveinung Rotevatn
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen