NRK Meny
Normal

Hektisk stortingskvardag for Bjørdal

Stortingets nest yngste har måtta takle overgangen frå massakren på Utøya til eit travelt politikarliv.

Fredric Holen Bjørdal

Travle dagar for Fredric Holen Bjørdal. Han sjonglerer jobben som stortingsrepresentant med livet som nybakt pappa og jusstudent.

Foto: Andreas Sundby / NRK

For snart fem år sidan var Fredric Holen Bjørdal på Utøya då 69 menneske vart drepne.To år etter vart han valt inn på Stortinget. I dag har 26-åringen frå Ørsta eit travelt politikarliv i Oslo.

– Ambisjonane er det i alle fall ikkje noko å seie på. Fulltidsstudiar ved sidan av jobb var eigentleg eit litt toskete prosjekt, men det blei no ein gang slik, seier Holen Bjørdal som no sjonglerer jobben som stortingsrepresentant med livet som nybakt pappa og jusstudent.

Gløymer aldri Utøya

Holen Bjørdal var på Utøya då 69 partivenner vart drepne av massemordaren. Om lag kvar dag passerer han regjeringskvartalet på veg til Stortinget.

Fredrik Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal går forbi regjeringskvartalet kvar dag.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Det er ein dagleg påminning å gå forbi regjeringskvartalet. Det ligg i bakhovudet heile tida og vil aldri forsvinne, seier Holen Bjørdal.

Utøya er noko han aldri gløymer, men han har jobba hardt for å kome seg vidare og prøvar å sjå framover. 26-åringen er den eine av berre to representantar på Stortinget som er fødd på 1990-talet. Han fortel at nokon let seg lure av den unge alderen hans.

– Det er enkelte som går i fella og er ser litt overberande på meg og kallar meg vesle venn når dei går tomt for argument, men snart er det eg som er 50, og kan riste på hovudet over ungdomen no til dags, seier han med eit smil.

Kollegaane har mange lovord å kome med når dei beskriv Holen Bjørdal.

– Han er engasjert, skikkeleg og veldig hyggeleg å jobbe saman med, seier Rigmor Aasrud, stortingsrepresentant (Ap).

Ønskjer fire nye år

Nominasjonsprosessen er så vidt i gang i dei politiske partia på Stortinget, og neste haust er det ein del av seta som skal bytast ut.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal ønskjer fire nye år på Stortinget.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Men arbeidarpartimannen frå Ørsta har ambisjonar om å bli sitjande. Han ønskjer fire nye år på Stortinget.

– For eit politisk interessert menneske er dette verdas beste jobb. Det er utruleg interessant, og så lenge eg har den gløden og motivasjonen, så ønskjer eg å halde fram, seier Holen Bjørdal.

Men sjølv om han trivst svært godt i Oslo, innrømmer han at utsikta er noko betre heime blant Sunnmørsalpene i Ørsta.

– Ja, det er mykje finare der, seier han med eit smil.