NRK Meny
Normal

Hektisk og utfordrande vinterdag på vegane

Den siste fredagen i februar blei ein svært utfordrande dag for mange som var ute på vegane i Møre og Romsdal.

Bussvelt på Almestad i Gusken

Bussvelten i Gursken i dag tidleg var mellom dei mest dramatiske hendingane på vegane i fylket i dag.

Foto: Tore Tangen Almestad

Seint fredag kveld kan politiet på Nordmøre og i Romsdal saman med kollegaer på Sunnmøre, endeleg ta ein pust i bakken. Dagen gav mange utfordringar for både den som skal ta seg av vegfarande når uhella er ute, og for den som sat bak ratta i bilane.

Trygve Ødegård

Trygve Ødegård er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Ja, dette blei ein hektisk og utfordrande dag for alle partar. Det har vore vanskelege forhold på vegane, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Pustar på

I Kristiansund og på lensmannskontora rundt om sit kollegaer av Ødegård, og drar eit letta sukk over at ingen personar blei alvorleg skadde i dei mange utforkøyringane, påkøyrslane og andre uhell på vegane i dag.

– Det har vore ekstremt glatt over heile fylket, og vi har hatt hendene fulle. Vi må vere glad at det så langt ikkje har gått verre, slår operasjonsleiar Kjell Biesmas ved politiet i Nordmøre og Romsdal fast.

Frå vakta i Kristiansund hadde han ved 20-tida notert 11 trafikkuhell i loggen. Med dei mange uhella på sunnmørsvegane i tillegg, kan ein trygt slå fast at dagen ført med seg fleire titals trafikkuhell.

På glatta i heile fylket

Også brannvesen og bergingsbilar har hatt meir enn nok å henge fingran i. Dei to uhella som verka mest alvorlege, var bussen som velta i Gursken i dag tidleg, og kollisjonen mellom to bilar i Sunndal seint i ettermiddag. Til saman var 14- 15 personar involverte i desse to hendingane. Heldigvis blei ingen alvorleg skadde.

Svært mange køyretøy har hatt problem på glatta. Her har vogntog stått fast og "saksa ut" i bakkar og køyrt inn i snøbarar. Privatbilar har spunne seg fast, støytt mot andre og fått sleng midt i vegbanen.

Bil som var med i kollisjon i Sunndal

Dei to bilane med til saman sju personane som kolliderte i Sunndal, var også ei dramatisk hending i dag.

Foto: Ingunn Karijord

– Vi kan jo ikkje skulde på at slikt føre er så uventa heller. På vinteren må bilistar vere budde på føre som dette, seier Biesmas, like før vakta hans er over.

Uhella har ei årsak

Operasjonsleiaren i Kristiansund har også forklaringa på kvifor det var så mange trafikkuhell i dag. Særleg er han oppteken av to forhold: avstand mellom bilane og korleis bilane er skodde.

– Når det er vinter og snø og gradestokken ligg og bikkar rundt 0-punktet, blir det glatt. Og når det er dårleg sikt i snøbyene, gjeld det å halde avstand. Ligg ikkje så nær kvarandre i trafikken, oppmodar han, og viser til at svært mange av uhella i dag var påkøyrslar bakfrå.

Vogntog på glatta

Fjellovergangane har vore særleg utfordrande for biliar av alle slag. Denne er på veg opp Strandafjellet.

Foto: NRK-tipsar

Biesmas ser i loggen at bilar av alle kategoriar hamna utfor vegen.

– Både vogntogsjåførar så vel som privatbilistar, må skjerpe seg og sjå til at bilane er skikkeleg skodde for vinterføre. Altfor mange var for dårleg skodde i dag, avsluttar operasjonsleiar Kjell Biesmas.

Kva så med morgondagen? Jau, etter vêrvarslinga å døme, kan vi gå mot ein ny, utfordrande dag. Bra først på laurdagen, men meir snø og sørvest liten kuling om ettermiddagen.