Hektisk natt for politiet

Natt til laurdag blei hektisk for politiet Møre og Romsdal. I Molde måtte politiet hente ein rusa person etter at han hadde slått til ei dørvakt i andletet på ein utestad. Mannen blei sett i drukkenskapsarresten. På Slinningen i Ålesund blei det sendt opp ein naudrakett, utan at nokon var i naud, og i Kristiansund oppdaga politiet at det var for mange passasjerar i ein bil. Bilføraren fekk forenkla førelegg på staden.

Politi
Foto: Tore Ellingseter / NRK