Hopp til innhold

Hektisk helg for politiet

Politiet i Møre og Romsdal hadde hendene fulle den siste helga i august. Feststøy og fyll har prega menyen denne seinsommarnatta.

Politi
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Denne helga har i stor grad vore prega av fyll og bråk, og både Sunnmøre politidistrikt og Nordmøre og Romsdal politidistrikt har hatt meir enn nok å gjere denne helga. Her er politiloggen for den siste laurdagsnatta i august.

Natt til søndag fekk ein dramatisk start allereie tolv minutt over tolv då ein person på Hessa blei lettare skadd og måtte oppsøke legevakt etter at uvedkommande kom heim til ein bustad og påførte han slag og spark. Dei to gjerningspersonane blei identifisert og vil bli meldt for forholdet.

Festbråk

Fjorten minutt over 12 tok politiet i Ørskog imot klager på for høg musikk frå ein privat fest. Musikken blei dempa etter at ein patrulje kom til staden.

Også i Ålesund fekk politiet fleire klagar på festbråk som gjekk utover nattesøvnen til både store og små. Politiet tok imot meldingar frå heile distriktet om musikk som blei spelt for opne dører og vindauge.

I Misund gav Nordmøre og Romsdal politidistrikt ein mann i 40 åra pålegg om å dempe seg etter klager på støy frå naboar.

Fyll og bråk

Litt etter klokka to fekk politiet i Hareid melding om amper stemning utanfor ein serveringsstad i Hareid, men personane hadde reist frå staden då politiet kom fram.

Også i Ålesund var det problem utanfor ein utestad. Ein mann oppførte seg trugande og politiet blei difor varsla. Vedkomande stakk frå staden før politiet rakk å kome fram. Politiet leita etter mannen utan hell, men har ei god skildring av personen.

Litt seinare på kvelden gjekk ein mann til åtak på ei kvinne med ein stol på ein annan utestad i Ålesund. Kvinna vil melde både mannen og forholdet til politiet.

Fire personar lagde bråk og kvalme utanfor ein restaurant i Ålesund sentrum like etter klokka tre natt til søndag. Dei blei vist bort frå sentrum, og den eine personen blei også meldt for trugslar mot dørvaktene på returpanten. Like før klokka fire blei ein av mennene brakt inn til arresten etter at han ikkje følgde pålegg frå politiet, og gjentatte gongar lagde bråk i sentrum. Vedkomande blir meldt av politiet.

Tolv minutt over fire blei ein mann i Ålesund køyrt til legevakt av politiet etter å ha blitt slått ned og sparka inne på ein serveringsstad i sentrum. Politiet vil etterforske saka vidare.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt hadde også sin del av fyll og fanteri denne helga. Klokka eitt blei to personar vist bort frå sentrum i Molde etter å ha forstyrra ordenen.

Like etter blei ein overstadig rusa person sett i drukkenskapsarrest av politiet. Personen vil også bli meldt for ordensforstyrringar.

Klokka 03.18 blei ein mann tatt hand om av publikum då han stod lettkledd utanfor gelenderet på ei gangbru i indre bydel. Mannen var overstadig rusa og blei difor tatt med inn på politihuset for å sove av seg rusen.

Promille og uvettig køyring

Litt før klokka halv fire blei ein mann i tjue åra stoppa av politiet i Sykkylven i det han køyrde moped med ein ekstra passasjer. Mannen mistenkast for å ha hatt ei promille på over 1,2 og blodprøve blei tatt.

Også i Hareid kan ein mann angre på å ha tatt seg ein køyretur med bil. Klokka 03.30 blei ein mann arrestert og sikta for promillekøyring etter å ha blåst over 1,4 i promille. Saka vil bli etterforska.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt måtte også ta seg av ein promillekøyrar like etter klokka to i Isfjorden. Personen blei arrestert av politiet for mistanke om promillekøyring.

I tillegg mista ein ungdom føreretten etter at han heldt på med uvettig køyring med lettmotorsykkel i eit parkeringshus i Kristiansund.

Innbrot

Like etter klokka eitt melde publikum frå til politiet om at dei hadde sett personar ta seg inn i ein skule i Spjelkavik. På staden fann politiet spor som kunne tyde på at uvedkommande hadde vore på staden, men det blei ikkje konstatert innbrot.

I Volda fekk ein huseigar seg ei dårleg overrasking då han i natt kom heim frå ferie. Der oppdaga han at nokon hadde tatt seg inn i huset gjennom å bryte opp inngangsdøra. Saka vil bli etterforska av politiet.