Hopp til innhold

- Skrekken er at dei skal søle på seg to minutt før 17.mai- toget går

Charlotte og Jan på Sunnmøre har fem barn og det sjette på veg. For dei er 16. mai ein hektisk dag med førebuingar.

Familien på 17.mai

Sofie, Sunniva, Charlotte, Jan, Alida, Kristiane og Johanne er klare for 17. mai. Her frå fjorårets feiring.

Foto: privat

Artikkelen er endra og anonymisert etter publisering.

17.mai-førebuingar

God planlegging er stikkordet, meiner Charlotte og Jan. Her saman med Kristiane og Sunniva.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På loftet på den store, nye einebustaden til familien på Sunnmøre, heng fem barnebunader på rekkje og rad. Oppe på kommoden står like mange par med bunadsko.

Sjekke strømpebukser

– I dag er det viktig å sørgje for at alt er under kontroll. Å sjekke at alle har strømpebukser, sløyfer og at fineklede er reine, seier Charlotte.

Ho og ektemannen har fem døtrer, på 1 1/2 år, 3, 8, 9 og 12. Om ein månad har paret termin med det sjette barnet.

God planlegging

Charlotte

For fembarnsmor Charlotte har det å stryke bunadsskjorter blitt rutine.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Charlotte skal stryke bunadskjortene no medan dei eldste jentene er på skulen. Det har etter kvart vorte rein rutine. Faktisk var ho meir stressa då ho berre hadde to barn, enn i dag med fem barn.

– God planlegging er eit stikkord, seier Charlotte, medan ho går gjennom korga med flagg og blåseinstrument til morgondagen. Ho kan raskt konstatere at fleire av 17. mai-fløytene ikkje er lyd i.

Pappa bidreg

Pappa Jan er innom heimen ein snartur, før han skal tilbake på jobb. Sjølv om det er Charlotte som har den store oversikta over bunadane, er han flink til å bidra i førebuingane.

Jan med ei av døtrene

Jan er redd for at Kristiane eller dei andre jentene skal grise til bunaden før barnetoget går.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tre år gamle Sunniva gler seg til 17. mai og vil gjerne prøve 17. mai-leikene på førehand. Veslesøster Kristiane er trøytt og vil helst berre sjå på.

Kaos om morgonen

Om det er stress i dag, vert det ikkje betre på sjølve 17. mai. Når sju personar skal ut av dørene samtidig, kan det verte kaotisk. Jentene får ikkje ha på seg bunadane før i siste liten.

– Den store skrekken er at strømpebuksene skal revne, eller at nokon av jentene har grisa til bunadane sine med mat eller sminke, seier Jan. Han gløymer ikkje det året at strømpebuksa til eine jenta gjekk sund to minutt før toget starta.

Barnekor

Klokka 11.30 skal familien gå i barnetog og seinare på dagen skal dei vere med på arrangementet på skulen. Jan og dei to døtrene i midten skal opptre i barnekoret. Han spelar piano og jentene syng.

– Enkelte år har vi invitert familien på middag heime hos oss, men i år gjer vi det enkelt. Vi et lapskaus på skulen, seier Charlotte.

Isrekord

Og på ein slik dag er ho ikkje streng på inntak av sukker og godteri. I fjor åt åtte år gamle Alida 10 isar. Den rekorden skal ho prøve å slå i år.

– Vi vil at 17. mai skal vere ein kjekkast mogleg dag for ungane og at dei skal få gode minner frå den dagen, seier Charlotte. Neste år vert det seks barn som skal ut av dørene samstundes.