Heilt på landsgjennomsnittet

Dei 21 vidaregåande skulane i Møre og Romsdal som blir drivne av fylkeskommunen, har omlag same kvaliteten som gjennomsnittet i landet. Dei er mellom anna målte ut frå kor mykje dei medvirkar til gode karakterar og om elvane fullfører. Skulane blir målte på ein skala frå ein til seks, og
lågast score her i fylket har Surnadal med 1,4 poeng, medan Tingvoll toppar fylkeslista med 3,8 poeng.