NRK Meny
Normal

Var det her det starta?

I går vann ekteparet Moser frå Sunnmøre Nobelprisen i medisin. Kjemilæraren deira frå vidaregåande er stolt av dei tidlegare elevane sine.

Det er 35 år sidan dei starta som elevar ved Ulstein vidaregåande skule, Nobel-vinnar-ekteparet Moser frå Sunnmøre. Kjemilæraren deira den gongen er stolt over det hans gamle elevar har fått til og har brukt dagen til å mimre om tida på slutten av 1970-talet.

SJÅ TV SAKA: Kjemilæraren Karsten Starheim er stolt over dei tidlegare elevane og Nobelprisvinnarane May- Britt og Edvard Moser.

Det er om lag 35 år sidan May- Britt og Edvard Moser starta som elevar ved Ulstein vidaregåande skule, Nobelprisvinnar-ekteparet Moser frå Sunnmøre.

I dag tok den pensjonerte kjemilæraren Karsten Starheim turen tilbake til Ulstein vidaregåande skule for å mimre om tida på slutten av 1970-talet.

– Eg er veldig stolt av det dei har fått til, seier Starheim.

Røter på Sunnmøre

Ekteparet Moser fekk prisen for å ha oppdaga celler som utgjer eit posisjoneringssystem i hjernen. Prisen deler dei med John O´Keefe. Ekteparet forskar på hjernen og korleis den fungerer i forhold til stadsans.

Ulstein vidaregåande skule

STARTEN: Var det her på Ulstein vidaregåande skule det heile starta?

Foto: Arne Flatin / nrk

May- Britt og Edvard Moser er begge psykologiprofessorar ved NTNU, der dei leiar kvart sitt institutt. Dei to tok doktorgrad i nevrofysiologi ved Universitetet i Oslo i 1995.

Og ekteparet frå Sunnmøre har ikkje gløymt opphavet sitt. I går valde May-Britt å takke sin sunnmørske bakgrunn for suksessen dei har hatt.

Kjemilæraren Karsten Starheim sit ved mikroskopet

STOLT: Karsten Starheim er stolt av dei tidlegare elevane.

Foto: Arne flatin / nrk

– Tusen takk, og heia Sunnmøre, seier ho. Heia Trøndelag og heia Norge, og heia NTNU legger ho til.

Kjemilæraren viser fram eit av klasseromma der han underviste May- Britt og Edvard Moser på slutten av 1970-talet.

Kanskje var det i eit klasserommet på Ulstein vidaregåande skule at noko av grunnlaget vart lagt for Nobelprisvinnarane i medisin.

Starheim huskar godt dei tidlegare elevane.

– Edvard sat ofte og snakka med han som sat ved sida av han. Han brukte å få han til å spørje meg om ting han lurte på. Han var ganske beskjeden og turte kanskje ikkje å seie så mykje sjølv, fortel Starheim.

Startpunktet

Bruk av mikroskop var noko av det første elevane ved skulen fekk lære om den gong. Mikroskopa som blei kjøpt inn vart regna for å vere ganske gode, og kjemilæraren fortel at mikroskopa var ein suksess blant elevane ved skulen.

May-Britt Moser og Edvard Moser

NOBELPRIS: Ekteparet Moser fekk i går Nobelprisen i medisin.

Foto: Drago Prvulovic / NTB scanpix

– Dei syntest det var spennande å sjå på dei små cellene. Kanskje var det slik Moser-paret fekk sansen for celler? spør Starheim.

Han gir Moser- ekteparet all æra for Nobelprisen. Likevel ser han ikkje bort ifrå at han kan påverka dei to på ein eller annan måte.

– Min del av prisen er sjølvsagt mikroskopisk, men det var her dei byrja, så eg føler likevel at eg er ein liten del av det dei har gjort, seier Starheim og smiler.