NRK Meny
Normal

Heidrar arven etter oldefar med kåpekolleksjon

Kvinnene bak klesmerket ARV har latt seg inspirere av notid og framtid i sin fyrste kleskolleksjon.

Elisabeth Alnes Stavik og Maria Berggren

ARV: Søstrene Maria Berggren (til venstre) og Elisabeth Alnes Stavik har saman med svigerinna Trine Hege Sæle Alnes starta klesmerket ARV som lanserer sin fyrste kolleksjon denne hausten.

Foto: silje bjerknes / nrk

Med ein oldefar som grunnla Tomren fabrikkar i Tomrefjorden, ein morfar som etter kvart overtok den same bedrifta, og ein far som sjølv er entreprenør, ligg det kanskje i blodet til to av kvinnene bak ARV å vere gründerar.

Det var fyrst i NyttiUka at ein kunne lese om dei tre tidlegare i sommar.

Søstrene Elisabeth Alnes Stavik og Maria Berggren har saman med svigerinna Trine Hege Sæle Alnes starta klesmerket ARV som lanserer sin fyrste kolleksjon denne hausten.

Frå draum til verkelegheit

I studioet deira midt i Ålesund sentrum sit Elisabeth og Maria framfor kvar si datamaskin og jobbar. Tredjemann, Trine Hege har nyleg blitt mamma, og har difor fri.

Arv Design

KÅPER: I studioet i Ålesund heng den nye kolleksjonen klar.

Foto: silje bjerknes / nrk

Veggane er stort sett kvite, men på nokre av veggane heng det bilete og designskisser. Og midt i rommet heng det kåper på stativ, nokre nye og andre gamle.

– Her har vi den ferdige kolleksjonen slik den blir lansert. I tillegg har vi eit stativ med nokre gamle Tomren-kåper for inspirasjon, fortel Maria og viser fram kåpene.

Spenninga ligg i lufta. Om litt over ei veke vil kolleksjonen deira offisielt vere lansert og klar for sal. Det er om lag eit år sidan dei tre bestemte seg for å gjere draumen til verkelegheit. Ein idè som lenge hadde lege i tankane deira.

– Vi gjekk nokre rundar med oss sjølve. Det er ein ganske stor risiko å ta, og det krev mykje, både når det gjeld arbeid og økonomi. Men til slutt bestemte vi oss for at vi kom til å angre dersom vi ikkje gjorde det. Dersom det ikkje går, så veit vi i alle fall at vi har prøvd, fortel Maria.

Elisabeth er samd.

– Det er noko vi har snakka om lenge, fyrst laust og ledig, deretter blei det meir og meir seriøst, seier ho.

Inspirert, men ikkje kopiert

Dei to fortel at det var fleire grunnar til at dei ville satse på klesdesign. Blant anna har arven etter oldefaren og morfaren vore ein stor del av det. I den fyrste kolleksjonen har dei valt å satse på kåper, og det er ikkje utan grunn.

Elisabeth arv design

SKISSER: Elisabeth viser fram gamle skisser som dei har fått av morfaren.

Foto: Silje Bjerknes / Nrk

Tomren fabrikkar blei starta av Olav Tomren i 1926, hadde om lag 200 tilsette og selde klede til butikkar i innland og utland.

Fyrst selde dei berre herreklede, men etter kvart på 1950-talet byrja dei også å produsere og selje kvinneklede. Og det er spesielt eitt klesplagg Tomren fabrikkar har vore kjende for, nemleg kåper.

Elisabeth leiter fram fleire gamle skisser som dei har liggande i studioet og viser teikningane.

– Eitt par år før morfaren vår døydde så viste han oss ein del skisser frå kåpekolleksjonane deira, og det har i grunn sett sine spor. Dess meir vi har fått vite og lært om historia til Tomren fabrikkar, dess meir har vi leika oss med tanken om å lage vår eigen kåpekolleksjon, fortel Elisabeth.

Dei to seier kåpene frå Tomren fabrikken har vore viktige for dei i oppveksten.

– Vi fann mellom anna ei av mormor sine gamle Tomren-kåper i skapet til mamma. Det er ei kåpe som eg sjølv har brukt mykje, og det er utruleg spesielt å kunne bruke eit plagg som har gått i arv gjennom fleire generasjonar, seier Elisabeth.

Dei har også valt å kalle ein av kåpemodellane for Liv, etter mormora Liv Tomren. Den kåpa er også det plagget i kolleksjonen som i størst grad har vore inspirert av Tomren fabrikkar, og kåpedesignet deira.

arv design

SKISSER: Gamle skisser frå Tomren fabrikken.

Foto: silje bjerknes / nrk

– Vi let oss inspirerer av det som har vore før, men vi kopierer ingenting. Vi vil absolutt gå vår eigen veg, seier Maria.

– Det kan vere små detaljar som vi tek inspirasjon frå, som for eksempel eit snitt, ein krage, eit stoff eller knappar.Men kåpene våre er likevel moderne og følgjer motebiletet i dag, held ho fram.

Arv

Dei to systrene fortel at det har vore både morosamt og litt skummelt å følgje i fotspora til familien.

– Eg trur morfar hadde vore stolt av oss dersom han framleis hadde vore her, og vi får utruleg mykje støtte og oppmuntring frå resten av familien, fortel Maria.

arv design

ARV: Dei tre meiner namnet arv summerer opp kva dei vil merket skal handle om.

Foto: silje bjerknes / nrk

Og sjølv om dei vil gå sin eigen veg, så er det spesielt ein del av arven frå Tomren fabrikkar som dei tykkjer det har vore viktig å vidareføre.

– Kvalitetskåper er noko av det Tomren var mest kjent for, og det er noko vi også vil legge vekt på, seier Elisabeth.

– Vi er opptatt av familie og at det skal vere god kvalitet på dei kåpene vi lager. Vi ynskjer å lage klassiske og tidsriktige kåper som kan gå i arv frå mor til dotter, slik som Tomren-kåpene har gjort før, seier Maria.

– For meg er det veldig spesielt å tenke på at dotter mi kanskje kan arve ei av desse kåpene ein gong, held ho fram.

Også namnet til bedrifta er inspirert av familiehistoria. Elisabeth seier dei lenge diskuterte fram og tilbake kva namnet skulle bli. Blant anna leika dei med ideen om å kalle det Tomren fabrikkar, eller å spele på det namnet. Men det var fyrst då dei kom på namnet ARV at alt såg ut til å stemme.

– Arv passa liksom perfekt fordi vi skal ikkje byggje opp igjen Tomren fabrikkar, vi skal lage vårt eige. Men samtidig kan vi heidre oldefaren og morfaren vår, det var ingen andre namn som kunne måle seg etter at dette blei foreslått, seier Elisabeth.

Familien i fokus

Dei to trur familiebakgrunnen deira har bidratt til å gi dei eit godt utgangspunkt for å starte si eiga bedrift.

– Fordi oldefaren, morfaren og faren vår har starta opp noko eiget, så har vi på ein måte vakse opp med det. Då er det heller ikkje like fjernt for oss å starte noko sjølv, det er nesten naturleg, seier Elisabeth.

Maria Berggren

SKAPE: Dei tre designarane bak merket tre er minst like opptatt av å skape noko som å designe.

Foto: silje bjerknes / nrk

Trass i at ingen av dei tre har designbakgrunn trur dei likevel at dei utfyller kvarandre på ein god måte.

– Vi har alle ulike ting som driv oss, men det vi har til felles er at vi liker å skape ting. Det å skape eit produkt, som ei kåpe, samstundes som at vi kan skape ei bedrift, er utruleg givande. Vi kjenner oss ganske heldige som kan gjere det vi gjer, seier Elisabeth.

– Vi er minst like opptatt av å vere entreprenør og gründerar. Å designe klede tek kanskje om lag 10–20 prosent av tida, resten går til å drive bedrifta, fortel Maria.

Dei to seier det har vore ekstra spesielt å kunne utvikle dette prosjektet saman med familien.

– Det er ein klar fordel å ha kvarandre. Vi kjenner kvarandre godt, heiar på kvarandre og støttar kvarandre. Det er ein styrke, seier Elisabeth.

Satsar vidare

Kolleksjonen som lanserast 15. september inneheld tre kåper og ei jakke. Ettersom nokre av kåpene kjem i ulike stoff og fargar blir det totalt sju kåper. Dei to gler seg til å få tilbakemeldingar på det dei har jobba med i eitt år.

Elisabeth Alnes Stavik

SATSAR: Draumen er å kunne halde fram med å utvikle kolleksjonen vidare.

Foto: silje bjerknes / nrk

– På ein måte blir det ein lette, samtidig som det blir spennande å sjå reaksjonen. Eg gler meg til den fyrste gongen eg møter nokon på gata som har på seg ei av kåpene våre. Det blir utruleg gøy, seier Maria

Når kolleksjonen blir lansert om litt over ei veke, så sit dei to alr på eit fly til Paris for å besøke ei av verdas største stoffmesser. Der skal dei finne nye stoff til komande kolleksjonar.

– Draumen er å kunne drive med dette også i framtida, bygge vidare og også utvikle ein herrekolleksjon etter kvart. Vi vil bygge stein på stein og sjå kva som skjer, fortel Elisabeth