Ein fullstappa parkeringsplass. Rundt 100 bilar og minst like mange mopedar og motorsyklar hadde samla seg i sola ved Spjelkavik kyrkje i Ålesund.
I dei fleste bilane var alle seta fylt opp og fleire hadde pynta køyretøya med blomster.
– Han hadde absolutt likt dette. Han hadde sett stor pris på at det var så mykje folk her. Mykje folk og masse tøffe bilar, seier Iver Langlo Bøstrand (18) og Andreas Standal-Nordmo (18).
Dei stod fremst i den langstrekte kortesjen som laurdag kveld køyrde ei runde i Ålesund kommune for å heidre Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad (17).
Mange hadde møtt opp for å minnast Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad.
Foto: Remi Sagen / NRKMange hadde møtt opp for å minnast Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad.
Foto: Remi Sagen / NRKMange hadde møtt opp for å minnast Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad.
Foto: Remi Sagen / NRKMange hadde møtt opp for å minnast Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad.
Foto: Remi Sagen / NRKFleire hundre deltok i kortesjen til minne om Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad.
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRKAndreas Standal-Nordmo trur kompisen hadde sett pris på kor mange som møtte opp.
Foto: Remi Sagen / NRK– Ein siste køyretur
Langlo Bøstrand er den som stod bak kveldens arrangement.
Iver Langlo Bøstrand fortel at han og Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad har hatt mange fine køyreturar ilag opp igjennom åra. Først på lettsykkel og seinare med bil.
Foto: Remi Sagen / NRKKompisane og Rafteseth Grimstad delte interessa for bil. Dermed blei det naturleg å heidre han med ein kortesje.
– Han fortente ein skikkeleg avskjed. Vi var ute og køyrde nesten heile tida. Det å markere at dette dessverre er ein slags siste køyretur med han er viktig, seier han.
Faren til Gunnar, Jon Jarlsson Grimstad, sette pris på alle som hadde møtt opp.
– Det er heilt fantastisk. Dette hadde han elska.
Kameratane til 17 år gamle Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad trur han hadde sett pris på minnemarkeringa laurdag kveld.
Prega av dødsfallet
Det er no rundt to veker sidan 17-åringen frå Ålesund blei funnen omkommen i Stryn søndag 4. juni.
Rafteseth Grimstad hadde vore på Motorsportfestivalen i Stryn denne helga. Det blei sett i gang ein stor leiteaksjon då han blei meldt sakna av kameratane sine på søndagen.
Bøstrand var også i Stryn den helga.
Andreas Standal-Nordmo seier kompisgjengen merker godt at Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad er vekke.
Foto: Remi Sagen / NRK– Det var festival, god stemning og vi kosa oss. Når eg vakna nesten morgon og såg at han ikkje var der, så skjønte eg fort at noko var gale.
Dødsfallet har prega mange både i Ålesund og Herøy, der 17-åringen gjekk på vidaregåande skule.
– Vi merker godt at han ikkje er her. Han var aktiv, godhjarta og omtenksam. Han skulle ha med seg så mange som mogleg på det som skjedde, seier Andreas Standal-Nordmo.
– Ja, han var veldig inkluderande, seier Bøstrand.
Bilkortesjen blei avslutta der den starta, ved Spjelkavik kyrkje. Der blei det sett opp bilde, langt ned blomster og tent lys til minne om 17-åringen.