Då Kristiansund møtte Molde fekk Bamba gult kort fordi han feira med ei Spiderman-maske.
Det fekk kreativiteten til å boble i offentleg sektor.
– Måndagen etter kampen kom rådmannen inn på mitt kontor og spurde om vi skulle gjere noko til dagens kamp, forklarar Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard før kampstart.
– No har vi trykt opp, klipt ut og stifta saman fire tusen masker som vi skal ha på når laga kjem på bana.
– Vi er utruleg stolt over det KBK har fått til i år, og vi ville gjere noko spesielt for å heidre laget og motivere dei til kampen.
Maska var bursdagsgåve
Bamba fekk maska i bursdagsgåve av veslesøstera si, og tok den på då han feira målet mot Molde. Ordføraren meiner det gule kortet var unødvendig.
– Eg synest det var patetisk å gi gult kort for noko slikt. Det drog jo ikkje ut tida, seier Neergaard.
– Vi har lyst å heidre Bamba for jobben han gjorde mot Molde, konkluderer ordføraren.