– Nynorsk er ein viktig del av kulturnasjonen Noreg. Jubilea blir markerte gjennom Språkåret 2013, og vi i Posten vil heidre nynorsken, Ivar Aasen og Det Norske Teatret gjennom frimerkeutgjevingane, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten Norge.
Diktaren og språkforskaren Ivar Aasen frå Ørsta vert rekna som grunnleggjar av nynorsken. Midt på 1800-talet reiste han landet på kryss og tvers og studerte dialektane. Han ynskte at granskingane skulle leggje grunnlaget for eit nytt skriftspråk.
I 1953 gav han ut boka "Prøver af Landsmaalet i Norge", som i praksis var første nynorske skriftnormal. Han gjorde få endringar seinare.
Viktig sceneinstitusjon
I 1913 fekk det nye språket ein ny og viktig arena då nynorskaktivistar med Arne og Hulda Garborg i spissen etablerte eit nytt teater i Oslo.
Det Norske Teatret har vakse seg stort og nasjonalt og er hundre år seinare ein av Noregs viktigaste sceneinstitusjonar med eit breitt repertoar og med det høgaste publikumstalet i landet.
Frimerka viser eit portrett av Ivar Aasen og Lasse Kolstad i rolla som Tevje i "Spelemann på taket" – ei av dei mest kjende framsyningane til Det Norske Teatret. Frimerka er i sal frå måndag 9. september.