Hopp til innhold

Heider og ære til Hatlane skole

Som første skule i Møre og Romsdal har Hatlane skole i Ålesund vorte sertifisert som «Dysleksivennlig skole».

Dysleksivennlig skole

Inspektør Knut Pettersen, spesialist på lese- og skrivevanskar Eigil Bele og rektor Britt Leira Heimdal viser fram blanketten dei har fått frå Katrin Dahlstøm frå «Dysleksi Norge».

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Framfor over 500 elevar frå 1. til 7. klasse kunne rektor Britt Leira Heimdal torsdag ta imot blanketten som viser at Hatlane skole er ein «Dysleksivennlig skole».

Totalt 24 skular i Noreg har fått denne sertifiseringa.

Eit inkluderande og aksepterande miljø, gode rutinar og eit godt samarbeid mellom skule og heim er noko av det skulen har gjort rett.

Fokuserer på det som fungerer

– Vi er utruleg stolte over at det har kome nokon frå utsida og vurdert arbeidet vi gjer, seier rektor Heimdal.

Rektor og inspektør ved Hatlane skole

Rektor Katrin Dahlstrøm og inspektør Knut Pettersen ved Hatlane skole er fornøgde med å ha fått utmerkinga frå «Dysleksi Norge».

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Katrin Dahlstrøm

Katrin Dahlstrøm frå Herøy har sjølv dysleksi og er glad for å sjå korleis den norske skulen har utvikla seg.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Den som har stått bak vurderinga er foreininga «Dysleksi Norge», som legg vekt på å fokusere på det som fungerer heller enn det som ikkje fungerer for elevar som slit med å lese og skrive.

Medlem i landsstyret, Katrin Dahlstrøm, rosa skulen opp i skyane då ho kom til Ålesund for å dele ut utmerkinga.

– Lærarane her har kunnskap og dei system som trengst for å plukke opp dei elevar med dysleksi.

– Vi er ein inkluderande skule

Dahlstrøm, som også er leiar for «Dysleksi Sunnmøre», peikar i tillegg på at Hatlane skole har ein god stab med spesialpedagogar og at kunnskapen vert spreidd til alle lærarane.

Det kjenner rektor Britt Leira Heimdal seg att i.

– Vi er også ein veldig inkluderande skule. Her er elevar med mange ulike behov, så vi har ein kultur for å drive tilpassa opplæring.

Med ein eigen spesialist på lese- og skrivevanskar som held kurs for alle trinn, står Hatlane skole i stor kontrast til korleis det var å vere elev for berre nokre tiår sidan.

Det veit Katrin Dahlstrøm alt om, og i talen sin til elevane forklarte ho at då hadde lærarane liten kunnskap om dysleksi.

– Då eg gjekk på skule vart eg kalla lat og slurvete. I dag er de så heldige at de har lærarar som forstår at elevar med dysleksi berre må lære på ein litt annan måte.

– Veit de, statsministeren vår, Erna Solberg, har også dysleksi. Vi kan verte akkurat det vi vil, for vi er akkurat like smarte som alle andre.

Hatlane skole

Hatlane skole i Ålesund er den første skulen i Møre og Romsdal som

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL