Hopp til innhold

Heiar på Tvinnereim som Sp-nestleiar

– Anne Beathe Tvinnereim er den mest samlande kandidaten som første nestleiar i Senterpartiet. Det meiner rindalsordførar og tidlegare statssekrætær Ola T. Heggem.

Anne Beathe Tvinnereim

1. nestleiarkandidat Anne Beathe Tvinnereim har fleirtalet i valkomiteen bak seg i forkant av landsmøtet i Senterpartiet måndag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Ola T. Heggem

Rindalsordfører Ola T. Heggem har god kjennskap til partitoppane i Senterpartiet. No ser han helst at Anne Beathe Tvinnereim vert ein av dei øvste.

Foto: Torbjørn Tandberg

Etter mykje intern strid skal Senterpartiet velje ny leiing. Fleirtalet i valkomiteen vil ha Tvinnereim som første nestleiar framfor Ola Borten Moe.

– Den beste løysinga

– Eg trur det fleirtalet i valkomiteen har kome fram til, er det som vil samle partiet mest. Nokon om vil vere misfornøgde med det også, men etter ei heilskapsvurdering er eg ganske trygg på det vi vil vere den beste løysinga akkurat no, seier Heggem.

Den noverande ordføraren i Rindal har lang fartstid i Senterpartiet og har blant anna vore statssekretær i landbruksdepartementet i seks år og medlem av sentralstyret i partiet.

– Tvinnereim er ung

– Men korfor vil du ha Anne Beathe Tvinnereim?

– For det første er ho ein flink politikar. Ho er ung og har framtida framføre seg. Eg er sikker på at ho vil vere ein sentral person i Senterpartiet i lang tid framover. Ho representerer mykje av det Anne Enger og Åslaug Haga har stått for, og det er iallfall det partiet eg kjenner meg best att i, seier Heggem.

Meiner Borten Moe bør ta ein pause

– Og korfor ikkje Ola Borten Moe?

– Eg har kjent han Ola i lang tid og kan seie mykje fint om han. Men motstanden mot han som person har vorte så sterk at eg trur det er lurt, både for partiet og kandidaten sjølv at han no tek ein pause, seier Heggem.

– Det er ikkje noko tvil om hans næraste i partiet har gjort han ei bjørneteneste alt som ha skjedd, legg han til.

– Må tenkje framover

Ved å gå for Anne Beathe Tvinnereim håper Heggem at Senterpartiet vil klare å tenkje framover.

– Det er kjempeviktig av fleire grunnar, både internt i partiet, men også i det politiske landskapet vi har no. Politikken vår er meir viktig no enn han noko gong har vore før.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL