Hopp til innhold

Fengselsfuglen som blei redda frå kulda

Ein ornitolog, to forbipasserande og ein politipatrulje var involverte i å redde ei hegre som fraus og skalv i Ørsta sentrum på Sunnmøre.

Hegre som er funnet i Ørsta sentrum og tatt vare på.

Hegra er no godt tatt vare på, etter å ha vore innom fleire stader i Ørsta. Ho trivst på Eiksund i Ulstein, og blir passa på av ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ornitolog Alv-Ottar Folkestad får titt og ofte telefonar frå folk som uroar seg for fuglar med ulike problem. Nyleg fekk han telefon frå ei dame i Ørsta som var oppkava fordi det stod ei hegre og fraus i sentrum.

Ifølge kvinna var det alt for kaldt for fuglen å vere ute. Hegra skalv og ville ikkje flytte seg.

Kvinna fekk hjelp av ein mann og fuglen blei mellombels plassert i ein varm bil.

– Eg sa eg kunne kome og hente hegra, men eg var opptatt og trong litt tid. Då eg var på veg, ringde eg fleire gonger, men fekk ikkje tak i kvinna, seier Folkestad.

Ornitologen måtte dermed reise heim, og tenkte han kanskje ville høyre noko i løpet av kvelden. I staden fekk han telefon frå nokon heilt andre.

Alv Ottar Folkestad passer på hegra som ble funnet i Ørsta. Her er han på Eiksund i Ulsteinvik.

Hegra har det trygt og godt og har kvikna til. Folkestad reknar med ho kan sleppast ut om ei veke.

Foto: Arne Flatin / NRK

Politiet fekk seg ein god latter

– Ein politipatrulje i Ørsta lurte på kva dei skulle gjere fordi dei hadde fått overlevert ei hegre frå ein mann, som ikkje snakka norsk og lite engelsk, seier Folkestad.

Politiet opplyser at dei tok i mot fuglen, og syntest det var eit spesielt oppdrag.

Politipatruljen seier dei fekk seg ein god latter, då dei måtte sette hegra i ei politicelle. Hegra var heilt roleg og følgde ordre.

Dermed drog Alv-Ottar Folkestad på ein ny tur, denne gongen til politistasjonen i Hovdebygda i Ørsta. Etter ei lita stund ringde det frå operasjonssentralen.

Politipatruljen hadde fått eit nytt oppdrag og måtte berre beklage. Dei måtte ut og ville ikkje ha med hegra på patruljetur, så dei måtte sette den utanfor.

Folkestad hadde då nesten kome fram til politihuset, og begynte å leite etter hegra.

– Hegra stod på enden av langveggen. Ho stod på eitt bein, fraus, og hadde det andre beinet gøymt opp under brystet. Hovudet var trykt ned mot skuldrane. Ho såg med stive, grøne auge rett fram, for ho hadde jo avtale om å bli henta for lenge sidan. Så det var berre å seie «her er eg» og ta henne med heim, seier Folkestad.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Ornitolog Alv Ottar Folkestad

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kva skal hegra heite?

Ornitologen fortel at hegra var avmagra og dermed døden nær, men no blir ho godt tatt vare på. Fuglen er rundt eitt år gamal, og om ei veke eller to, reknar Folkestad med at ho kan sleppast ut igjen.

– Ho er kvikk og aktiv i dag, så det blir kanskje før også, seier Folkestad måndag.

Då NRK intervjua Folkestad om denne hegrehistoria på radio, fekk også lyttarane kome med sine forslag til namn. Ein god del forslag har kome inn; Hege, Hegrild Cellefugl, Frost, Anita Hegerland eller Alf/Alfine.

– Hegrild synest eg var ganske fint, men eg trur eg heller vil seie fengselsfugl framfor cellefugl. Politiet må få nokre pluss i boka for den innsatsen, seier Folkestad.