Kvar morgon tar dei ni år gamle tvillingdøtrene til Hege Mariann Einang buss til skulen.
Førre veke enda turen i gråt.
Då jentene kom på bussen var mange av seta opptatt av andre barn og skulesekkar, fortel ålesundskvinna.
Ho har fått fortalt at bussjåføren ropte at alle skulle sette seg og ingen fekk stå. Den eine dottera er svært stille og sjenert. Ho turte ikkje be dei andre skuleelevane om å gi plass til henne.
Dei to 9-åringane tar buss frå Olsvika til Spjelkavik skole kvar dag.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Løfta jenta opp etter hetta
Niåringen har forklart mora at ho gjekk bakover i bussen for å finne ein ledig plass, medan bussen køyrde. Bussjåføren oppdaga at ho framleis stod, og skal ha stansa bussen.
– Han kom bak i bussen, løfta jenta opp etter jakkehetta og tok henne truleg litt hardt under armane. Han sette henne i eit bussetet og festa på beltet, seier Einang.
Har politimeld saka
Då jentene kom på skulen var dei både redde og lei seg. Også andre elevar som hadde vore på bussen var rysta.
– Eg blei sint då eg høyrde dette. Eg går ikkje med på at barn skal føle seg utrygge på skulevegen, seier tvillingmora.
Einang har no meld saka til politiet. Ho håper videoopptaka frå bussen viser tydeleg kva som skjedde.
Kjenner seg ikkje att
Kommunikasjonssjef, Åge-Christoffer Lundeby i VY seier at bussjåføren ikkje kjenner seg att i påstandane.
Foto: NSBSjåføren i busselskapet VY kjenner seg ikkje att i påstandane til Einang. Han ynskjer ikkje å snakke med NRK, men har forklart til arbeidsgivar at han oppmoda passasjerane med klar stemme over høgtalaranlegget om å sette seg. På neste haldeplass geleida han passasjeren som framleis stod, til eit ledig sete og hjelpte henne med setebeltet.
– Vy hjelper politiet i deira arbeid. Utover dette ynskjer ikkje Vy å uttale seg i denne saka, som er under etterforsking, seier kommunikasjonssjef, Åge-Christoffer Lundeby.
Politiet har vore i kontakt med Vy og krevd utlevering av videoen.
Ber passasjerar ta kontakt
På generell basis seier Lundeby at Vy er opptatt av at passasjerane skal oppleve transporten som trygg og behageleg. Dersom passasjer og føresette ikkje opplever dette, ber dei om at vedkomande tek kontakt med selskapet.
Håper busselskapet ryddar opp
Hege Mariann Einang forstår godt at det er stressande å vere bussjåfør og at han må sette tryggleiken først. Ho meiner likevel at ein vaksen person som har med barn å gjere ikkje kan oppføre seg slik.
– Å brøle, kjefte og gå til fysisk angrep går ikkje an. Då er ikkje barna trygge, seier Einang. Ho håper busselskapet tar grep og sørger for at slikt ikkje skjer i framtida.