NRK Meny
Normal

Havørn på lånte venger

15 havørnungar frå Møre og Romsdal og Nordfjord vart frakta frå Vigra til Skottland fredag.

Ørn på flyttefot.

Ornitologane Espen Lie Dahl og Alv Ottar Folkestad ser ørnungane vel avgårde til Skottland.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Oppgåva deira er å sikre havørnbestanden i Skottland.

Skal sende over 100

I løpet av fem år skal til saman 100 fugleungar sendast ut av landet for å sikre havørnbestanden på andre sida av Nordsjøen.

I Noreg blei havørna freda for snart 40 år sidan, og etter det har bestanden auka til over 2 500 par.

- Vi har passa på å plukke ungane frå reir med to eller tre ungar. Dette kjem ikkje til å gå utover bestanden her, seier ornitolog Espen Lie Dahl.

Havørn på tur.

Havørn på tur.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Glad for hjelp

Dette er ein del av Norsk ornitologisk forening sitt "Prosjekt Havørn". Ornitolog Alf Ottar Folkestad er glad for at Luftforsvaret sa ja til å ta med seg ørnungane.

- Det er litt styr å få frakta levande dyr, så vi er veldig fornøgde med denne ordninga, seier han.

Ombord i flyet til Luftforsvaret.

Ornitologane Espen Lie Dahl (til venstre) og Alv Ottar Folkestad er glade for at Skipper Lasse Marhaug i Luftforsvaret tek med seg havørnungane.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kan flyge tilbake

No gjenstår det å sjå om dei forskremde fuglane vil vere i Skottland. Sist gong oritologane sende over ørn, kom nemleg fleire tilbake.

- Det kan skje, men vi trur det er for langt for dei, seier Lie Dahl.