Hopp til innhold

Ynskjer fleire arbeidsplassar til havs

Regjeringa presenterer havstrategien sin tysdag kl. 12. Næringane håper på offensive takter.

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest er spent på kva som kjem når regjeringa presenterer havstrategien sin tysdag.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi har store forventningar, seier Arnfinn Ingjerd. Han er dagleg leiar for Maritimt Forum Nordvest.

Havnæringane har kome med fleire innspel. Dei vil ha betre finansieringsordningar. Dei vil ha meir satsing på forsking og innovasjon. Og dei vil ha eit godt samspel mellom det offentlege og det private.

– Skape vekst

– Målet må vere å skape vekst og få fleire arbeidsplassar knytt til havet, seier Ingjerd. Han trur også det kan kome noko nytt rundt fjerning av søppel i havet.

Samla full søppelsekk med plast i fjøra på ein halvtime

– Meiner de styresmaktene er for defensive?
– Det vil vise seg seinare i dag. Vi håper det kjem ein offensiv strategi. Det er så mange moglegheiter i havet, både for verdiskaping og forsking. Husk at sytti prosent av kloden er hav. Og nitti prosent er ikkje utforska.

– Vi i Møre og Romsdal bør vere godt posisjonert til å kunne ta del i veksten, seier Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Solberg: – Vi trenger sunne hav

Ikkje pengar

Representantar for fleire selskap samlar seg i Ålesund og fleire andre norske byar når strategien blir presentert kl. 12 tysdag.

– Korleis trur de dei innspela de har kome med blir tatt imot?

– Vi håper dei kjem oss i møte. No kjem det ikkje pengar tysdag. Men regjeringa vil vise ei retning gjennom havstrategien sin, seier Arnfinn Ingjerd.