NRK Meny

Havila tek inn att permitterte

Havila kan ta inn att permitterte sjøfolk etter at dei har inngått ein langvarig kontrakt med reiarlaget Reach Subsea AS i Haugesund, melder Vikebladet/Vestposten. Avtalen med reiarlaget inneber at Havila Subsea som har vore eitt år i opplag, kan få behov for å ta inn att rundt 30 permitterte sjøfolk. Når Havila Subsea no skal ut på oppdrag igjen, har Havila åtte skip i opplag, skriv avisa.