Fleire korallfunn i fylket

Forskarar frå Havforskingsinstituttet kan melde om funn av 15 nye korallrev i området rundt Møre og Romsdal. I haust håpar ein å få kartlagt enda fleire.

Korallrev

I dag er i prinsippet alle kjende korallrev verna, noko som forsterkar behovet for å kartleggje kvar dei ukjende reva ligg.

Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet

Årets hausttokt med ”G.O. Sars” foregår no. Dei starta 14. september og skal halde fram til 6. oktober.

Då skal forskarane undersøkje mellom anna korallverneområdene Sularyggen og Iverryggen, nordleg del av Storegga, og området utan forbi Møre som vert kalla Mørebankene. Hausttoktet går under namnet "MAREANO-toktet".

Seniorforskar Pål Buhl-Mortensen ved Havforskningsinstituttet kan melde om fleire funn av korallrev utanfor Mørekysten.

– Det er ikkje overraskande, men vi har funne 15 nye korallrev – mange av dei utanfor Møre og Trøndelag.

Saken held fram under bildet

Korallrev og fisk

Ofte finn man eit yrande dyreliv rundt korallreva.

Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet

Fleire enn fyrst trudd

– Kor oppsiktsvekkjande er dette?

– Korallreva langs Mørekysten har for så vidt vore kjende i mange år, så det er ikkje veldig oppsiktsvekkjande. Likevel – vi visste ikkje at det var såpass mange av dei, og funna er berre eit prov på at vi har godt utstyr. Ved å nytte detaljerte botnkart med såkalla "fleirstråle-ekkolodd" kan vi finne reva før vi har vore nede på botnen og sett med eigne auge, seier Buhl-Mortensen.

– Ny kvar dag, med andre ord?

– Ja, desse korallreva er opp mot 9000 år gamle, og dei fleste er vel rundt 200 meter lange. Fleire av dei har levd på same stad sidan istida var over, og har sidan den gong fått eit veldig rikt dyreliv med mykje fisk rundt.

Buhl-Mortensen fortel at det er mykje bra fangst i nærleiken, og at det tidlegare blei tråla aktivt i desse områda. Det var likevel ikkje heilt utan risiko, sidan ein fort kunne støyte på og øydeleggje rev. Dette forsterka behovet for å kartleggje reva.

– Vi må ta vare på det store mangfaldet, og sørgje for at strukturen som har vakse i mange år ikkje forsvinn, seier forskaren.

Saken fortset under bildet

Korallrev

Korallrev.

Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet

HD-video

– Kva skjer vidare?

– Vi må få kunnskapen ut til folket! Vi legg informasjonen ut i kartform på heimesida vår, der ein kan sjå korallreva og kvar dei ligg. Vi skriv om dei, og det kjem video etter kvart, seier Buhl-Mortensen.

Reva ligg ofte heilt nede på 150 meter og ofte 200 og 300 meters djupne, noko som gjer det vanskeleg å sjå dei med eigne auge. Mortensen seier dei difor kjem med høgoppløyseleg HD-video frå staden, slik at folk skal få sjå.

Saken held fram under bildet

Kart - korall

Her kan ein sjå kart over kva for område som skal saumfarast for korallrev på hausttoktet.

Foto: Mareano

Utfordringa

– Utfordringa er å gjere korallreva kjende for folk flest. I Norge har vi 8 korallvernområder, kor det er forbod mot å bruke bunntrål. Samstundes er det forbudt å øydeleggje kjende korallrev med viten og vilje, seier Buhl-Mortensen.

– Det er gledeleg å oppdage at fiskarane ikkje vil knuse korallar. Det er som oftast berre uhell dersom dei treff på rev. Trålposen blir riven og utstyr går i stykke.

Forskaren fortel at det kan dukke opp miljøforhold som kan skade reva og gje endringar i havmiljø, med temperatur eller surare hav.

– Det kan verte problematisk, men eit slikt scenario ligg langt fram i tid. Akkurat no ser det bra ut, med bevisste trålfiskarar og myndigheiter som har verna rike korallrev.

Havforskere

Havforskar Pål Buhl-Mortensen, i raudt til venstre, fortel at dei lokaliserte korallreva er svært, svært gamle. I framtida er han redd for reva sin eksistens.

Foto: Nils Mehren / NRK

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.