Odd Kristian Dahle og Remi Sagen redigerer ombord på Havila Forsight. Du kan sjå innslaga deira kvar dag i vår 18.40-sending denne veka.
Foto: NRK35 000 norske sjøfolk er vekk frå familien sin i lange periodar. NRK har vore med forsyningsskipet Havila Foresight for å sjå korleis livet er om bord.
Sjå reportasjane til slutt i artikkelen.
Livet som splitta familie
Det er ein situasjon svært mange kan kjenne seg att i. Mor eller far er borte på arbeid i vekesvis i slengen.
NRK-teamet er med forsyningsskipet Havila Foresight.
Foto: Remi SagenNRK-teamet Odd Kristian Dahle og fotograf Remi Sagen har vore med Havila Foresight på oppdrag i Norskehavet for å skildre denne situasjonen.
Odd-Stian Stendahl frå Kristiansund er kaptein på Havila Foresight. Han blir hovudpersonen i innslaget som kjem på Laurdagsrevyen om nokre veker.
På land følger vi familien til kapteinen heime i Kristiansund.
– Sjøfolk som er vekke frå familien sin i lange periodar lever eit litt spesielt liv. Det er dette livet vi vil forsøke å gi eit innblikk i, seier NRK-reporter Odd Kristian Dahle.
Glimt frå livet om bord
Odd-Stian Stendahl er kaptein på forsyningsskipet. Laurdag om nokre veker får du sjå korleis han har det når han må vere vekke frå familien i lange periodar.
Foto: Remi Sagen / NRKHavila Foresight går mellom Mongstad og plattformane Troll, Oseberg, Heimdal og Brage.
Om bord i båten er eit heilt lite samfunn.
Dahle og Sagen gir oss også innblikk i dette samfunnet gjennom ein serie reportasjar frå miljøet om bord.
Resultatet ser du her.
Livet som matros
Neste år kan matros Kjell Kvalsvik feire 30-års jubileum som mannskap på forsyningsskip. På fritida likar han å trene, lese og drive slektsgransking.
Foto: Odd Kristian Dahle / NRKMatros, Kjell Kvalsvik, frå Nerlandsøy i Herøy har arbeidd på forsyningsskip sidan 1981, og kan vel seiast å vere rimeleg erfaren.
Kulde eller bølgehøgder på fleire meter stansar ikkje leveransane til oljeinstallasjonane i Nordsjøen.
Vi har møtt matrosane som arbeider på dekk.
Livsviktig trening
Det er svært viktig å ha realistiske redningsøvelsar om bord. Nokre sekund for sein rekasjon kan vere nok til at liv går tapt ute på det nådelause havet.
I maskinrommet
Marita Gjerstad er motormannlærling om bord på Havila Foresight. Ho har ein hektisk kvardag. I maskinrommet må alt fungere. Det er små marginar dersom noko går gale.
Fritidssyslar
Det er også fritid om bord i forsyningsskipet. Mannskapet får tida til å gå med trening, TV-titting, solarium og spel.
I byssa
Kokken har ei svært viktig oppgåve om bord. Han skal sørge for rett ernæring, men er også ei stor kjelde til trivsel om bord. Kokken på Havila Foresight tek oppgåva på alvor.