Målet til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening er å samle informasjon om rømmingstilfella for å finne svake punkt ved anlegga og måtar å forbetre dei på.
I august i fjor rømde om lag ein halv million laks frå anlegget til Marine Harvest på Tustna under eit uvêr.
Medan vi ventar...
-Dette prosjektet kjem ikkje i staden for ein uavhengig kommisjon i regi av styresmaktene, seier fagsjef for miljø i FHL havbruk, Aina Valland. Framleis er målet at det må komme ein offentleg kommisjon, men inntil så skjer, vil ein kommisjon etablert av næringa sjølv vere ein god reiskap i arbeidet med å sikre anlegga mot rømming.
Ikkje nok
-Men dette er ikkje godt nok, seier fylkesleiar i Jeger og Fiskerforbundet, Ole Furu. Det som trengst no, er strakstiltak for å sikre dei merdene vi har, meiner han.